Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kaldtvasskorallrev - Wikipedia

Kaldtvasskorallrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lophelia pertusa er den viktigaste arten i kaldtvasskorallreva
Forstørr
Lophelia pertusa er den viktigaste arten i kaldtvasskorallreva

Kaldtvasskorallrev er korallrev som veks på større djupn og i kaldare hav enn dei tropiske korallreva. Dei finst vidt utbreidd i alle verdshav, bortsett frå i polområda, og er ikkje i særleg grad avhengige av lys.

[endre] Biologi

Den vanlegaste revdannande korallen er steinkorallen Lophelia pertusa, men òg andre artar kan danna kaldtvasskorallrev. Lophelia-korallen trivst best i vatn med temperaturar på 6-8ºC og er vanlegast på 200-1000 meters dyp. Ein har likevel funne han så grunt som 39 meter (Trondheimsfjorden) og så djupt som 3383 m (ei undersjøisk fjellkjede utanfor austkysten av USA). Reva veks særs sakte – frå nokre få millimeter til maksimum to centimeter i året, og dei eldste delane av norske korallrev er om lag 8 500 år gamle.

Noreg har verdas største kjende kaldtvasskorallrev, men havbotnen er dårleg kartlagt. Kaldtvasskorallreva vert kartlagt med multistråle-ekkolodd i kombinasjon med filming med fjernstyrte miniubåtar. Utviklingen av betre kartleggingsutstyr og det auka fokuset på kaldtvasskorallreva vil truleg føra med seg stadig nye oppdagelser av slike korallrev framover, både i norske og utanlandske farvatn.

Røstrevet som vart oppdaga i 2002, er verdas største kaldtvasskorallrev. Det ligg på 300 til 400 meters djup rundt 110 km vest for Røst. Revet er om lag 35 km langt og 3 km bredt, og har eit flateinnhald på rundt 100 km2.

Reva gjev levestad til eit rikt mangfald av marint liv. Ein trur dei er viktige som yngleplassar.

[endre] Trugsmål og vern

Den seine veksten og den skjøre fysiske strukturen gjer reva særs sårbare. Etter kvart som kaldtvasskorallreva er vortne betre kartlagt, har forskarar oppdaga at mange er skadde. Ifølge Havforskningsinstituttet er 30-50% av norske korallrev skadd eller øydelagt på grunn av botntråling. I tillegg til dette trugsmålet kan legging av røyrledningar og kablar gjera mykje skade.

Fiskeridepartementet fastsette i 1999 Forskrift om beskyttelse av korallrev. Denne har heimel i Saltvannsfiskeloven og Lov om Norges økonomiske sone, og gjev korallreva generelt vern mot fiskeredskap som vert slepte langsmed botnen. Forskrifta forbyr tilsikta øydelegging av korallrev og set krav om aktsemd ved fiske i nærleiken av kjende korallrevførekomstar. Vidare forbyr forskrifta bruk av aktiv fiskereiskap som vert slept langs botnen i spesielt einskilde områder. Så langt har fem korallrev — Sularevet og Iverryggen utanfor Midt-Norge, Røstrevet utanfor Lofoten og to rev på Hvaler (Tisler og Fjellknausene) — fått slikt spesielt vern

[endre] Kjelder

Omsett frå bokmålswikipedia

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com