Fundamentalistisk kristendom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fundamentalisme er ei evangelisk kristen rørsle som oppstod i USA rundt 1900. Fundamentalisme er eigentlig berre klassisk protestantisme kokt ned til 5 punkt, dei 5 fundamenta. Desse er:
- Bibelen har ingen feil
- Jomfrufødselen og Jesu guddom
- Jesus døydde i det menneska sin stad som soning for syndene deira og at frelsa kjem gjennom Guds nåde og menneske si tru
- Jesu lekamlege oppståing
- Jesu mirakel var ekte (enkelte erstatta seinare dette med trua på at Jesu attkomst skulle skje før tusenårsriket)
[endre] Om ordet i daglegtala
På 80-talet gav den liberalteologiske lutherske teologen Martin E. Marty ut The Fundamentalism Project der han stempla motstandarane sine som fundamentalistar, anten dei var einige med dei fem fundamenta eller ikkje, og media starta å kalle ekstremistiske muslimar for fundamentalistar. Sjølv om både fundamentalistar (i den originale tydinga) og dei som no vart stempla som det protesterte, fortsette ordet å skli ut.
[endre] Lære
Sia desse fem punkta er alt ein treng vera einig i for å kunne kalle seg fundamentalist, er det umogleg å visa til ei felles lære, men enkelte lærepunkt er utbreidde blant amerikanske fundamentalistar. Eit av desse punkta er trua på at Jesus kjem att før tusenårsriket, her i Noreg gjort populær gjennon bokserien Latt tilbake. Eit anna er trua på at det er 1611-utgåva av King James-bibelen (minus apokryfane) som er den beste Bibelomsetjinga. Ein tek avstand frå alle andre grunntekstar enn Textum receptum for det nye testamentet, og dei jødiske tekstane for det gamle.