Elektrolyse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elektrolyse er ein metode for å skille molekyl eller gjere om salt til grunnstoffa dei består av, ved å sende elektrisk straum gjennom dei ved hjelp av to elektrodar; éin negativt lada, katode, og éin positiv lada, anode.
Elektrodane tiltrekkjer iona med motsatt ladning. Derfor bevegar dei positivt lada iona seg til katoden, og dei negativt lada iona bevegar seg mot anoden. Ved anoden gjev iona fra seg eit eller fleire elektron, og ved katoden tek dei til seg eit eller fleire elektron.
For at ei elektrolyse skal gjennomførast, må stoffet ein skal bruke anten vere laust i et passande løysemiddel eller smelta slik at dei forskjellige iona ikkje lengre er bundene til kvarandre.
[endre] Bruksområde
Elektrolyse kan brukast for eksempel til å forgjylle, forsølve eller fornikle gjenstandar, og brukast òg i industrien til å framstille aluminium og litium. Når ein legg sink på jarn (som på bylgjeblekk eller spikar) kallar ein gjerne prosessen for galvanisering.
Aluminium blir framstilt i ein elektrolyse ved hjelp av mineralet bauxitt.
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |