Drusarane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drusarane eller Druzarane (arabisk: duruzī درزي, fl. durūz دروز, hebraisk: druzi דרוזי, fl. druzim דרוזים) er ei religiøs rørsle med opphav og hovudsakeleg utbreiing i Midtausten. Frå ein religionsvitskapleg ståstad har trua til drusarane opphav i islam, men ho er også påverka av andre religionar og av gresk filosofi.
Drusarane er fyrst og fremst å finna i Libanon, Israel, Syria, Tyrkia og Jordan. Andre stadar i verda finn ein mindre diasporasamfunn. Drusarane nyttar seg av arabisk språk og har kulturelt mange fellestrekk med andre arabarar i regionen. Dei fleste muslimar, og også ein del av drusarane sjølve, reknar ikkje drusarane som ei muslimsk gruppe. Drusarane kallar seg sjølv Ahl al-Tawhīd eller al-muwahhidūn, monoteismens folk.
[endre] Opphav
Trass i at det finst ulike teoriar og mytar om drusarane sitt opphav, som at dei skulle stamma frå krossfararane, tyder det meste på at drusisk tru vaks ut frå Ismaili-islam, ei retning innan sjia-islam. Trua vert også rekna å innehalda element frå neoplatonisisme, gnostisisme og andre esoteriske kristne rørsler, jødedom, samt iranske religionar.
Tidleg i det ellevte hundreåret skal al-Hakim bi-Amr Allah, den sjette kaliffen i fatimid-dynastiet ha erklært seg sjølv for å vera guddommeleg. Det var sterke messianske strømningar i Ismaili-islam og al-Hakim sin visir, den persiske teologen Hamza ibn Ali ibn Ahmad al-Zuzani såg al-Hakim sin ein inkarnasjon av Gud. Muhammad al-Darazi vart send ut som misjonær, men fall i unåde og vart drept etter å ha sett seg sjølv om som spirituell leiar. Al-Darazi skal også ha gjeve opphav til namnet drusar. Al-Hakim forsvann under mystiske omstende i 1021, moglegvis snikmorda av søstera. Drusarane trur at han vart teken opp i himmelen og at han ein dag skal venda attende og starta ein ny gullalder.
[endre] Drusisk tru
Sentrale prinsipp i drusarane sin religion er ærlegdom, å verna om bror sin, å respektera dei eldre, å hjelp andre, å beskytta heimlandet, samt trua på ein Gud. Drusarane trur også på menneskeleg reinkarnasjon. Dei aksepterer ikkje fleirgifte, tobakksrøyking, bruk av alkohol og reknar svinekjøt for ureint. Medan drusisk religion i prinsippet ikkje tillet giftemål med muslimar, jødar eller medlemmer av andre religionar vert desse reglane ofte oversett i moderne tid.
Drusarane trur også på fem kosmiske prinsipp, representert med fem fargar i den drusiske stjerna: intelligens / fornuft (grøn), sjel (raud), ord (gul), presedens (blå) og immanens (kvit). Desse fem dygdene tar form i fem forskjellige ander som har vorte stadig reinkarnert på jorda i form av profetar og filosofar, inkludert Adam, Pythagoras, Akhenaten og andre. Drusarane har stor respekt for Jethro, Moses sin svigerfar.
Drusarane er delt inn i uqqal (dei initierte) og djuhhal (dei ignorante). Kvinner vert rekna å ha særleg emne til å verta uqqal.
[endre] Nokre framtredande drusarar
- Fakhreddin II (1588 - 1635), herskar over dagens Libanon, samt delar av Syria, Israel og jamvel Tyrkia.
- Kamal Jumblatt, grunnleggjar av det libanesiske Progressive Sosialistpartiet midt i det tjuande hundreåret, og son hans Walid Jumblatt.
- Salah Tarif, ein tidlegare kaptein i fallskjermtroppane og kavalriet i IDF, medlem av den israelske nasjonalforsamlinga Knesset for Arbeidarpartiet og Israel sin fyrste ikkje-jødiske minister.
- Ayoob Kara, medlem av Knesset for Likud.
- Musikar Farid Al Atrash
- Sultan Basha Elatrash, leiar av opprøret mot den franske okkupasjonen av Libanon og Syria i 1920-åra.