Diode
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dioder er ikkje-linjære elektriske komponenter som leiar elektrisk straum berre i ein retning. Namnet kjem av at dioda har to elektrodar, katode og anode. Straum kan berre gå frå anoden (plusspol) til katoden (minuspol) - men ikkje andre vegen. Den første dioda var krystalldetektoren som vart nytta i barndomen til radioen på 1920-talet. Dioder kan være elektronrøyr, men idag er det vanlegaste at dioda er laga av halvleiiarmateriale. Dei vanlegaste materiala for dioder er selen, germanium og silisium (silisium er det materialet som vert mest brukt i dag). Ein halvleiardiode er laga av to bitar halvleiarar som er ulikt dopa. Når desse delane vert sett saman, oppstår det ein såkalla P-N-overgang i grenseflata mellom delane.
[endre] Elektriske eigenskapar
Dioda ledar i frammoverretning først ved ca. 0.7 Volt (om det er en silisiumdiode). Ved spenning i bakoverrenting vil dioda sperre for all straum. Nokon dioder kan også lede strøm tilbake ved høg nok spenning. Slike dioder vert kalla zenerdioder. Vanlege dioder vil verte øydelagde om ein forspenner dei med høg spenning i sperreretning.
[endre] Bruksområde
Nokon av områda for bruk av dioder er i likerettarar for å gjere vekselstraum (AC) om likestraum (DC), serieomkoblarar for å styre signalveiar i audioapplikasjonar eller som shuntkoppling for å slå av/på oscillatorer i RF-sammenheng, spenningsvern eller demodulasjon av AM-signal.
[endre] Typer
Zenerdioder kan leie straum i både fram- og tilbake-retning. Forspenning i tilbakeretning kan til dømes vere 7 eller 12 volt. Dei kan brukast i kretsar for å lage spenningsreferansar og spenningsregulatorar.
LED er en såkalla lysdiode (Light Emitting Diode) og sender ut lys så snart forspenninga i framoverretning går over ein terskelspenning. Terskelspenninga vil variere mellom diodene med tanke på kva materiale dei er laga av, kva farge dei sender ut, og kor store dei er. Ei lita lysdiode vil ofte kreve ein straum på omtrent 20 mA.
Sjå oversikt over kretssymbol til høgre.
Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over elektronikkspirer. |