Delstaten São Paulo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![]() |
|
Hovudstad | São Paulo |
Flatevidd
- Rangering i Brasil |
248.808,8 kkm km² 12. |
Folketal (2005) - Rangering i Brasil |
40.442.795 1. |
Grunnlagd | 1709 |
Offisielle språk | Portugisisk |
Guvernør | Cláudio Lembo |
Nettstad | http://www.saopaulo.sp.gov.br/ |
![]() |
|
- Sjå òg São Paulo (fleirtyding)
São Paulo er ein delstat i den søraustlege delen av Brasil og har ei befolkning på om lag 38 millioner (2003). Hovudstaden heiter óg São Paulo. Delstaten er eit økonomisk og industrielt kraftsenter i Brasil og i Sør-Amerika.
Innhaldsliste |
[endre] Økonomi
São Paulo står for om lag ein tredjedel av Brasil sitt BNP og ein tredjedel av landet sitt energiforbruk. Delstaten har omfattande industri, dette innebér både stål-, mekanisk- og elektronikkindustri. Fleire bilkonsern har fabrikkar her og flyprodusenten Embraer har hovudkvarteret sitt i delstaten.
Innan landbruk er blant anna kaffi ein viktig inntektskjelde.
[endre] Politikk
Politikken i São Paulo er kontrollert av Arbeiderpartiet (PT) og av Sosialdemokratane (PSDB). Begge desse partia har opphav i denne delstaten. Guvernøren, Geraldo Alckmin, kjem frå PSDB, og er vald for perioden 2003-2006.
Dei to siste brasilianske presidentane, Fernando Henrique Cardoso (PSDB) og Luiz Inácio Lula da Silva (PT), bur i delstaten.
[endre] Historie
Den første busetjinga i delstaten er registrert attende til 1532, med danninga av "Vila da São Vicente." I 1554 vart det etablert ein Jesuitt-misjon som skulle kristne Tupi-indianarane i området. Denne misjonen vart seinare til det som i dag er São Paulo by.
Delstaten fekk sitt første økonomiske oppsving på 1900-tallet med etableringa av fleire kaffiplantasjar i området. For å kunne eksportere kaffen gjennom hamnebyen Santos vart det i denne perioden bygd både vegar og jernbaner.
Veksten i kaffeplantasjane gjorde at eit stort antal innvandrarar kom til delstaten frå midten av 1900-tallet og utover. Desse innvandrarane kom frå land som Tyskland, Italia, Libanon og Japan. I tilleg til innvandrarar, har delstaten óg opplevd ei stor innflytting frå andre delar av Brasil, spesielt frå delstatane i nordaust.
[endre] Byar
Viktige byar er São Paulo (hovudstad), Santos, Campinas, Osasco, São José dos Campos og Ribeirão Preto.
Andre byar er: Araraquara, Araçatuba, Barretos, Bauru, Franca, Jacareí, Jundiaí, Marília, Piracicaba, Presidente Prudente, São Carlos, São José do Rio Preto og Sorocaba.
[endre] Ekstern lenkje
- Brasil sin ambassade i London, faktaside om São Paulo
- São Paulo offisiell heimeside (Portugisisk)
- digital São Paulo
Delstatar i Brasil | ![]() |
---|---|
Acre | Alagoas | Amapá | Amazonas | Bahia | Ceará | Distrito Federal | Espírito Santo | Goiás | Maranhão | Mato Grosso | Mato Grosso do Sul | Minas Gerais | Pará | Paraíba | Paraná | Pernambuco | Piauí | Rio de Janeiro | Rio Grande do Norte | Rio Grande do Sul | Rondônia | Roraima | Santa Catarina | São Paulo | Sergipe | Tocantins | |