DDT
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DDT eller diklor-difenyl-trikloretan ((ClC6H4)2CH(CCl3)) er eit fargelaust, krystallinsk stoff som er nesten uløyseleg i vatn, men godt løyseleg i feitt. Bruk av DDT er no forbode i fleire land.
[endre] Historie
DDT vart først laga i 1873. Sveitsaren Paul Hermann Müller oppdaga at det eignar seg som insektmiddel i 1939.
[endre] Bruk
DDT er eit effektivt insektmiddel. Relativt små mengder av stoffet gjev god effekt. Dessutan er det lite giftig for menneske, samanlikna med andre insektmiddel. Det har vore brukt mot mygg som spreier malaria og andre sjukdomar, noko som førte til færre tilfelle av sjukdomane.
Stoffet har òg vore nytta i landbruket.
[endre] DDT i naturen
Rovfuglar som har fått i seg DDT legg egg med så tynne skal at dei ikkje toler ruging.
I elver har stoffet ei halveringstid på 26 dagar, men det vert verande lenge i jord. DDE og DDD er nedbrytingsprodukt.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |