Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Øystein Erlendsson - Wikipedia

Øystein Erlendsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statue av St. Eystein frå Erkebispegarden i Trondheim, fotografert av Morten Dreier
Forstørr
Statue av St. Eystein frå Erkebispegarden i Trondheim, fotografert av Morten Dreier

Øystein Erlendsson , (norrønt Eysteinn Erlendsson, latinisert til Augustinus Nidrosiensis) var ein norsk katolsk prest og erkebiskop av Nidaros. Namnet kan òg verta stava Øystein Erlendson, Øystein Erlandsson eller Eystein Erlendson. I Heimskringla av Snorre Sturlason vert han omtala som Øystein erkebisp. Øystein vart truleg fødd mellom 1120 og 1130 på garden Råsvoll eller Rosvoll i Børsa sør for Trondheim. Det finst og ein Råsvoll gard i Verdal nord for Trondheim. Mange meiner han kom derifrå, men han kom nok meir truleg frå Børsa. Erkebiskop Øystein døydde den 26. januar 1188, natta etter Pålsmesse. Den katolske kyrkja i Noreg har minnedag for Øystein den 26. januar. Dagen har vorte kalla St. Eysteins dag eller Eysteindagen. Namnet St. Eystein kjem av at Øystein har vore rekna som ein av fire norske helgenar. Helgenstatusen er trass i dette ikkje endeleg godkjend av paven.

Innhaldsliste

[endre] Ætt

Øystein var knytt til dei fremste ættene i landet. Snorre Surlason skildra ætta hans i Soga om Harald Hardråde. Øystein vart av Snorre skildra som ein dugande mann av god ætt, han var rik på både gods og venskap. Mellom anna nedstamma han frå stormannen Erling Skjalgsson. Far til Øystein erkebisp og brørne hans var Erlend Himalde. Erlend sin far var Jon Sterke på Råsvoll. Ulv Uspaksson var far til Jon Sterke, og islending av ætt. Ulv vart kong Harald Hardråde sin stallar og gode ven. Han gifta seg med Jorunn Torbergsdotter, ei syster av dronning Tora Torbergsdotter. Tora var gift med Harald Hardråde. Tora var igjen dotter av Torberg Arnesson, som var gift med Ragnhild Erlingsdotter. Ragnhild var dotter av Erling Skjalgsson. Torberg Arnesson var bror av Kalv Arnesson, som skal ha drepe kong Olav I den heilage i Slaget på Stiklestad. Gjennom Kalv Arnesson stamma erkebiskop Øystein frå den norske stormannsætta Arnmødlingsætta.

Ætta gjorde til at Øystein hadde mange frendar og vener. Øystein ynskte å styrkja økonomien til erkebispesetet i Nidaros, og han tinga med bøndene for å få løyve til å krevja inn høgare pengebøter. Bøndene gjekk med på å betala bøtene i "sølvvurdert øre" som var verd dobbelt så mykje som den vanlege mynten. Erkebispesetet tente dermed tilsvarande mykje på avtala. I fylgje Snorre kunne han gjera dette med stønad av frender og vener. Dei fleste stormennene i Trondheimen og erkebiskopen var ihopbundne ved frendskap og giftarmål, og alle var heilt ut venene hans.

[endre] Liv

Øystein fekk si første utdanning i Nidaros (Trondheim) av biskop Simon og studerte utanlands frå om lag 1140. Det er mogleg at han studerte i Lincoln i England. Meir truleg er det at han studerte i Paris, i det nyleg grunnlagde augustinarklosteret Saint-Victor. Stolt valde han Augustinus som den latinske forma av namnet sitt. Elles kan namnet Oistanus verta nytta på latin.

Eit propagandaskrift for kong Sverre Sigurdsson, «Ein tale mot biskopane» frå om lag 1200 nemner forbigåande at Øystein var kapellan og fehirde hos kong Inge I Krokrygg (1136-1161). Han var sokneprest i Konghelle ved Göta-Elv.

Den første erkebiskopen i Nidaros, Jon Birgersson, døydde i 1157. I følgje "Ein tale...» valde kong Inge Eystein til erkebiskop «utan å spørre nokon lærd mann i Trondheimen, enten korbrør eller andre». Vi veit ikkje om ein hadde rukke å oppretta domkapittel som kunne foreta eit formelt val, men det er all grunn til å tru at det verkeleg var kong Inge som sto bak. Valet skjedde truleg i 1158 eller 1159.

Den nyvalde erkebiskopen, den andre hittil i Noreg, reiste til Italia for å ta i mot bispevigslinga og sitt pallium. Eit pallium er katolske erkebiskopar sitt embetsteikn, og vert tildelt av paven. Han fekk ikkje palliet av pave Hadrian IV, som hadde oppretta erkebispestolen i Nidaros i 1153, då som kardinal Nikolas Breakspeare. Hadrian IV døydde den 1. september 1159, difor reknar ein med at Øystein med sitt følgje ikkje dro sørover frå Noreg før ein gong utpå sommaren eller hausten 1159. Truleg vart Øystein utnemnd til erkebiskop fyrst i 1161 av pave Alexander III. Den norske feiringa den 12. september av fingergullmesse, eller fingergullfesten, har samband med denne ferda. Erkebiskopen skal ha teke med seg til Nidaros ein kapsel med blod frå Jesus Kristus.

Kong Magnus V Erlingsson vart som den fyrste kongen i Noreg krona. Erkebiskop Øystein Erlendsson krona han i Bergen i 1164 med utsendinga frå Roma, Stefanus, som vitne. Kong Magnus var son av lendmannen Erling Skakke. I 1163 vart det på initiativ av erkebiskop Øystein og Erling Skakke fastsett nye reglar for kva som skulle til for å verta lovleg konge. Tronfylgjelova under Magnus Erlingsson innførte at for å koma på trona måtte ein vera fødd innanfor ekteskap. Faren skulle vera av kongsætt. I tillegg skulle det berre vera ein konge om gongen. Trass i dette var desse stridane innleiinga til borgarkrigstida i Noreg, der fleire kongsemne kjempa mot kvarandre. Då kong Sverre og birkebeinane etter kvart fekk kontroll over større delar av riket, såg Øystein seg tvungen til å reisa utanlands. Han budde i Nord-England i kring tre år, før han vende attende til Noreg sommaren 1183. Etter kvart forsona han seg meir med kong Sverre.

[endre] Øystein Erlendsson og Nidarosdomen

På vestfronten av Nidarosdomen er det sett opp ein skulptur av bilethoggaren Stinius Fredriksen. Skulpturen skal førestilla erkebiskop Øystein. Skulpturen ber på ein katedral i miniatyr, som skal vera den katedralen Øystein bygde i Nidaros. Frå opphaldet i England hadde han med seg impulsar frå den nye gotiske stilretninga. Før han reiste hadde bygginga av ein katedral i Trondheim teke til. Han lét den vidare utbygginga av Nidarosdomen vera prega av engelsk gotisk stil. Bygginga av erkebispegarden i Trondheim gjorde Øystein òg opptak til. Øystein er rekna som ein av dei største byggherrane av Nidarosdomen.

[endre] Passio Olavi

Øystein Erlendsson skal vera opphavsmannen til det oppbyggjelege skriftet og legendesamlinga Passio Olavi, skriven på latin. I fyrste delen høyrer ein om historia og verket til kong Olav II den heilage, med særleg vekt på misjonsverksemda hans. Undergjerningane utgjer andre del av boka. Tittelen er ei forkorting for Passio et miracula beati Olavi, eller Heilag-Olav sine lidingar og undergjerningar.

[endre] Etterfylgjar

I 1188 vart augustinaren Eirik Ivarsson av Stavanger vald til erkebiskop av Nidaros, etter Øystein.

[endre] På verdsveven

[endre] Litteratur

  • Erik Gunnes: Erkebiskop Øystein, statsmann og kirkebygger, Oslo 1996. ISBN 8203221440
  • Bente Opheim: "Med stønad frå frendar og vener" Slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130-1208. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Bergen 1996. Nettutgåve
  • Passio Olavi, i nynorsk omsetting, med føreord av kapellan Arne Bakken ved Nidaros domkyrkje, Oslo 1995 ISBN 8252143970
  • Eirik Vandvik: Erkebiskop Eystein som politikar, Trondheim 1961
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com