Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Eirik Vandvik - Wikipedia

Eirik Vandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forstørr

Eirik Vandvik (16. oktober 190419. september 1953) var ein norsk språkvitar og omsetjar. Han vart fødd i Suldal, og døydde i Oslo. Foreldra var lærar Bertrand Vandvik frå Vanvik i Hylsfjord og husmor Inger Albertsdotter f. Aarhus, frå Bråtveit i Suldal. Gift 1935 (i Oslo) med fysioterapeut Ragna Hamar f. 10.06.1909; foreldre folkehøgskulestyrar Olav S. Hamar og husmor Johanne Elisabet f. Vassbotn, frå Hovdebygda i Ørsta, Sunnmøre. Born Bodvar f. 01.08.1937, Jorunn Inger f. 16.01.1939, Tone f. 06.06.1947.

Innhaldsliste

[endre] Bakgrunn/oppvekst

Eirik Vandvik vart fødd i Bråtveit i Suldal kommune, der faren då var lærar. Han vart nr. 3 av ein seinare samla syskenflokk av 7 brør. I 1910 flytte familien til strandstaden Sand, der faren hadde fått stilling som lærar og seinare var overlærar gjennom mange år, dertil ordførar i ein lengre periode. Eirik Vandvik kjente seg alltid seinare i livet sterkt knytt til Suldal og gav i både skrift og tale ofte uttrykk for si kjensle av gjeld til det suldalsk kultur, språk og forteljartradisjon hadde gjeve han i barndom og oppvekst.

[endre] Utdanning

Examen artium ved Volda Landsgymnas 1923. Språkleg-historisk embetseksamen (latin hovudfag, gresk og tysk bifag) ved Universitetet i Oslo (UiO) 1934. Innan sluttført embetsstudium vann han i 1933 H.M. Kongens gullmedalje for avhandlinga Genitivus und Ablativus Qualitatis im Latein. Fire år etter sluttført embetsstudium vart han på grunnlag av avhandlinga Rhytmus und Metrum. Akzent und Iktus tildelt doktorgraden og kreert dr.philos. i 1938.

[endre] Yrkesliv

I yngre vaksne år hadde Eirik Vandvik mangt arbeid ved sida av studiane, m.a. som lærar i folkeskulen i Jelsa i Ryfylke (1923-24), og som lektorvikar ved Sand middelskule (1924-26), ved Eidsvoll Landsgymnas (1928-29) og Rogaland Landsgymnas på Bryne (1931-32) Etter embetseksamen hadde han ulike tilsetjingar ved Klassisk Institutt ved UiO med plikt til undervisning i latin til førebuande prøver (1935-46). Han var universitetsstipendiat i klassisk filologi (1936-41) og seinare i 1940-åra professorvikar i klassisk filologi og middelalderlitteratur og lærar i latinsk stil for filologistudentane. Etter eitt år som lærar ved Nansenskulen i Lillehammer (1946-47), kom han tilbake til UiO der han vart utnemnd til professor i mellomalderlitteratur (etter avlidne Fredrik Paasche) i 1949. I 1952-53 var han gjesteprofessor med Fulbright-stipend ved Yale-universitetet i USA; under USA-oppholdet vart han alvorlig sjuk og døydde kort etter heimkosten hausten 1953.

[endre] Verksemnd

I tillegg til sin innsats i vitskapleg arbeid, var Eirik Vandvik aktiv på mange andre felt, der serskilt kan nemnast hans formidling av antikkens kultur og åndsverdiar gjennom ei rad skriftstykke og bøker i tillegg til omsetjingar av ”Iliaden” og fleire av dei store greske tragediane til nynorsk, og ei omfattande skribent- og foredragsverksemnd innanfor den norske kultur- og samfunnsdebatten, m.a. om målsak, skule og oppseding. Han var medlem av Det norske vitenskapsakademi fra 1950, i 1952 vart han innvotert som medlem av Den norske forfatterforening.


[endre] Bibliografi

  • Marcus Tullius Cicero: Um alderdomen (Cato den eldre). Umsett frå latin. Oslo 1931. 66 s. (Klassiske bokverk i norsk umsetjing. Utgj. Av Studentmållaget 19 s.)
  • Aischylos: Agamemnon. Umsett frå gresk. Oslo 1932. 104 s. (Klassiske bokverk i norsk umsetjing. Utgj. Av Studentmållaget. 21 s.)
  • Så er sagt -. Utdrag av gresk og romersk litteratur. Red. av Nic. Stang og E.V.(Riksmål.)
  • Rhythmus und Metrum. Akzent und iktus. (Dr.avh.) Oslo 1937. 237 s. (Symbolae Osloensis. Fasc. Supplet. VIII.)
  • Marcus Tullius Cicero: Talen for M. Marcellus og Talen for Deiotarus. Med merknader ved E.V. Oslo 1938. 60 s. (Latinske skuletekster med merknader. 9.)
  • Platon: Gjestebodet. På norsk ved E.V. Oslo 1939. 99 s.) Klassiske bokverk i norsk omsetning. Utgj. av Studentmållaget. 24.)
  • Latin for medisinarar. Av Ingjald Reichborn-Kjennerud og E.V. Oslo 1940.
  • Genitivus und Ablativus qualitatis. Oslo 1942. 116 s. (Avhandlinger utg. av Det norske videnskapsakademi i Oslo. II/1941 no 2.)
  • Greske tragediar. I. Aischylos. Oresteia. I. Agamemnon. II. Gravofferet. III. Semja. Frå gresk ved E.V. Oslo (1948). 217 s.
  • Homer: Iliaden. På norsk ved E.V. Oslo 1951. XV/479 s., illustr. 4°. – 2. utg. 1965. 416 s. (Orion-bøkene. 30.)
  • Greske tragediar. 2. Aischylos: Persarane. – Sofokles: Kongs Oidipus og Antigone. Frå gresk ved E.V. Oslo 1954. 240 s.
  • Blant gudar på Olymp. Gresk mytologi illustrert med sitat frå gresk litteratur og bilete av gresk kunst. Oslo 1956. 240 s. – 2. utg. Oslo 1963. 240 s. (Orion-bøkene II.)
  • Latinsk ordbok. Av Asgaut Steinnes og E.V. Oslo 1958. XI/879 s.
  • Magnus Erlingssons privilegiebrev og kongevigsle. Utg. av Vegard Skånland. Oslo 1962. 91 s. (Skrifter utg. av Det norske videnskapsakademi i Oslo. II. Ny serie, no. 1.)
  • Greske tragediar. Aiskylos. Sofokles. Til Norsk ved E.V. Oslo 1964. 260 s. (Orionbøkene. 26.)

Posthumt vart òg utgjeve

  • Vardar på vegen. Frå Suldal til Akropolis. Artiklar i utval ved Egil A. Wyller. Oslo 1974.

268 s. portr.

[endre] Priser


[endre] På verdsveven

Puslespillbit Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over spirer.
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com