Åslaug Haga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åslaug Marie Haga (f. 21. oktober 1959) i Nes på Romerrike) er ein norsk diplomat, politikar og leiar i Senterpartiet per 2005. Ho er utdanna statsvitar og har erfaring frå Utenriksdepartementet (UD). Haga blei utnemnd til kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg II.
Åslaug Marie Haga er dotter til Hans Haga, leiar i Norges Bondelag frå 1974 til 1980 og generalsekretær frå 1980 til 1988). Ho vaks opp på garden Henni saman med ei eldre syster.
Haga blei Cand. mag. med statsvitskap, historie og sosiologi i fagrinsne og tok deretter hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. I 1989 gifta ho seg med diplomatkollega Bård Hopland. Etter å ha budd i Oslo og i utlandet i fleire år kjøpte dei to i lag småbruket Sandli (Holstad i Ås). Saman har dei to born.
[endre] Stillingar
- Attaché FN-delegasjonen i New York frå 1987 til 1989
- Personleg sekretær for bistandsministeren frå 1989 til 1990
- Ambassadesekretær ved ambassaden i New Dehli frå 1991 til 1994
- Byråsjef, underdirektør og statssekretær i Utenriksdepartementet frå 1994 til 1999
- Statssekretær ved Statsministerens Kontor i 1999
- Nestleiar i Senterpartiet frå 1999 til 2003
- Kulturminister frå 1999 til 2000
- Stortingsrepresentant frå 2001
- Leiar i Senterpartiet frå 2003