YouTube
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
YouTube er ein nettstad der brukarane sjølve kan lasta opp, vise og dele videoklipp. Nettstaden vart grunnlagt i februar 2005 av tre tidlegare medarbeidarar i PayPal. I dag har YouTube femti medarbeidarar, og har hovudkontor i San Mateo i California i USA.
YouTube bruker Adobe Flash til å vise innhaldet, som omfattar klipp frå filmar og TV-program, musikkvideoar og heimelaga videofilmar. YouTube forbyr opplasting av materiale som er beskytta av opphavsrett, men dette har vist seg vanskeleg å gjennomføre. 9. oktober 2006 vart YouTube kjøpt opp av Google for 11 milliardar kroner.
[endre] Vekst
YouTube er blant dei raskast veksande nettstadene på Internett, og er rangert som den 15. mest populære nettstaden av Alexa Internet. 16. juli 2006 kunngjorde YouTube at det kvar dag blir sett 100 millionar filmklipp på YouTube. 65 000 nye videoar blir lasta opp kvar dag.