Tyttebærkrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyttebærkrigen er det lite flatterande namnet på eit felttog der Noreg freista å invadera Bohuslän i 1788.
Det har vorte hevda at Tyttebærkrigen var ein avleiingsmanøver, for å støtta Russland, av di Danmark var alliert Russland, som Gustav III i sin tur hadde angripe.
Felttoget var misslukka: svenskane var lite huga på å lata seg invadera og enda mindre huga på å hjelpa nordmennene. Det heile enda med at dei norske soldatane måtte ty til det skogen hadde å by på som føde. Heldigvis for nordmennene foregjekk felttoget i bærsesongen og dei naudstillte innvaderande nordmennene måtte ty til skogsbær, før dei slukøyra for heimat. Denne forma for matauke skal ha vore opphavet til navnet «Tyttebærkrigen».
Den norske styrken var på 10 000 mann og berre 8 fall i trefningar. Derimot døydde mellom 1500 og 3000 mann av sykdom på grunn av kontinuerlig haustregn, dårlige klede og utstyr og elendige sanitære tilhøve.
[endre] Litteratur
- Georg Apenes: Tyttebærkrigen : det norske felttog i Sverige 1788, (1988)
[endre] Kjelde
[endre] Eksterne lenker
- Generell historisk bakgrunn for «Enigheten», kompendium fra Universitetet i Oslo
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |