Trygve Lie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Halvdan Lie (fødd 16. juli 1896, død 30. desember 1968) var ein norsk politikar og den fyrste generalsekretæren i dei sameinte nasjonane (SN) (1946–1952).
Lie vart fødd i Oslo og vart cand.jur i 1919. Han var sekretær i Arbeidarpartiet frå 1919 til 1922, og etter dette juridisk konsulent for Arbeidernes faglige Landsorganisasjon (det seinare LO) fram til 1935.
Frå 1935 til hausten 1939 var Lie justisminister, og frå 1. oktober 1939 handelsminister og forsyningsminister i Nygaardsvoldregjeringa.
Han overtok posten som utanriksminister i november 1940 då Halvdan Koht vart tvungen til å gå av, formelt frå 21. februar 1941. Då sat regjeringa i London, den såkalla Londonregjeringa.
Forsvarsminister Oscar Torp og Lie representerte tyngdepunkt i eksil-regjeringa. Med diplomatisk dugleik og handlekraft gjorde Lie sitt til å styrkja Noreg si stilling i høve til dei allierte under andre verdskrigen.
Lie sitt tilhøve til statsminister Johan Nygaardsvold var ikkje prega av full tillit. Nygaardsvold såg Lie sin energiske innsats, men kunne trekkja lojaliteten hans i tvil.
Lie var utanriksminister fram til 1946. Då vart han vald til den fyrste generalsekretæren for SN. Stillinga hadde han til 1953. Lie vart etterfylgd av Dag Hammarskjöld frå Sverige.