Traian Băsescu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Traian Băsescu, fødd 4. november 1951 i Basarabi i Constanţa-provinsen, er ein rumensk politikar, og president i Romania sidan 20. desember 2004. Han leia det konservative partiet Partidul Democrat (Det demokratiske partiet), men gjekk av då han vart president sidan ein rumensk president ikkje kan vera partimedlem. Presidentkandidaturet hans vart òg støtta av det liberale partiet Partidul Naţional Liberal (Det nasjonalliberale partiet). Han kom på andre plass i første runde av presidentvalet 29. november 2004, med 33,9 % av røystene, men slo den sosialdemokratiske kandidaten Adrian Năstase med 51,2 % av røystene i andre valomgang, 13. desember.
Føregjengar: Ion Iliescu |
President i Romania (2004–)
|
Etterfylgjar: |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |