Taiga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taiga (frå russisk тайга́) er eitt av hovudøkosystema eller bioma på jorda. Taigalanskapet er kjenneteikna ved sine skogar med eviggrøne nåletre. Det dreier seg om subarktiske og fuktige område, der plantesamfunna er dominert av til dømes Edelgran, Gran og Furu. Desse treslaga er godt tilpassa eit kaldt klima. Myrområde og tilknytta planteartar er òg vanleg.
Den gjennomsnittlege temperaturen for juli er i taigaområda høgare enn 10°C, men vekstsesongen er kortare enn 100 dagar. Nedbør fell som regn, skodde, rim eller snø, og den er på mellom 400 og 850 mm pr. år. Jorda er prega av stort nedbørsoverskot, som gjer at kalk og andre mineralar vert vaska ut. I tillegg dannar rotnande nåler syrer og andre stoff som hemmar spiring.
Taigaen er den ytste sona før tundraen. Taigalandskapet er typisk for store delar av Sibir, men òg i Canada.
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |