Stortingsvalet 1927
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stortingsvalet 1927 vart heldt i Noreg hausten 1927. Arbeidarpartiet hadde før valet slått seg saman att med Socialdemokratane og gjorde eit brakval. Dei vart det største partiet i landet, noko dei har vore sidan. Høgre-regjeringa til Ivar Lykke gjekk av til fordel for Christopher Hornsrud si regjering, den første arbeidarparti-regjeringa i landet. Denne sat berre ei kort tid, før endå eit regjeringsskifte førte Venstre sin Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering til makta.
[endre] Resultat
Parti | Del av røystene (%) | Endring i høve til 1924 | Mandat | Endring i høve til 1924 |
---|---|---|---|---|
Arbeidarpartiet | 36,8 | + 18,4 | 59 | + 35 |
Venstre | 17,3 | - 1,5 | 30 | - 4 |
Bondepartiet | 14,9 | + 1,4 | 26 | + 4 |
Høgre | 5,5 | + 5,5 | 29 | - 14 |
Norges Kommunistiske Parti | 4,0 | - 2,1 | 3 | - 3 |
Frisindede Venstre | 1,4 | + 1,1 | 2 | - 9 |
Det Radikale Folkeparti | 1,3 | - 0,4 | 1 | - 1 |
Nationale Legion | 0,1 | + 0,1 | 0 | 0 |
Felleslister Høgre og Frisindede Venstre | 18,6 | - 13,6 | 0¹ | 0 |
Total | 100 | 0 | 150 | 0 |
¹ Mandat på felleslister oppført på dei einskilde partia.
[endre] Kjelder
- Hvem Hva Hvor 1940 (Oslo, 1939)
- Statistisk Sentralbyrå
Førre: 1924 |
Stortingsval | Neste: 1930 |