Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fellesliste - Wikipedia

Fellesliste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei fellesliste er ved norske stortingsval ei liste der to eller fleire parti stiller til val saman i ein valkrins. Felleslister mellom ulike borgarlege parti var vanleg ved stortingsvala mellom 1949 og 1981, då det ikkje var anledning til å inngå listesamband. Før stortingsvalet 1989 vart det igjen forbode å inngå listesamband, men til gjengjeld vart ordninga med utjamningsmandat innført, noko som gjorde det uaktuelt for dei fleste partia å stilla felleslister. I 1993 stilte likevel minipartia Pensjonistpartiet og Felles Framtid fellesliste i eit fylke.

Motivasjonen for å delta i felleslister var å hindra at stemmer vart "bortkasta" på småparti som likevel ikkje ville få mandat i eit fylke, men som, ved å stilla til val, tok stemmer bort frå andre parti som stod dei nær politisk. Eit fiktivt døme kan vera stortingsvalet i Rogamark fylke. Me tenkjer oss at Rogamark fylke har fem stortingsmandat. Fire parti, Geitepartiet, Sauepartiet, Kupartiet og Ulvepartiet stiller til val. Meiningsmålingane tyder på at Ulvepartiet har 49 % oppslutning, Sauepartiet 22 % og Geitepartiet 21 %, medan Kupartiet ligg an til 8 %. Avhengig av korleis mandatutrekninga foregår er det mogleg å tenkja seg at Ulvepartiet då vil enda opp med tre av mandata, medan Sauepartiet og Geitepartiet får eit mandat kvar, og Kupartiet ingen. Dersom Geitepartiet, Sauepartiet og Kupartiet derimot stiller til val i ei fellesliste vil dei til saman frå 51 % av stemmene mot Ulvepartiet sine 49 %. Då vil felleslista få tre mandat, og Ulvepartiet berre to. Fordelinga av mandata innad i felleslista ville då bli avgjort ved forhandlingar om korleis lista skulle setjast opp i forkant av valet. Sjølv om Kupartiet ikkje skulle få ein av sine kandidatar på ein av dei tre første plassane kunne det likevel vera naturleg å delta i felleslista for å redusera antal mandat for Ulvepartiet, iallfall dersom Kupartiet fann at det hadde meir til felles med Geitepartiet og Sauepartiet enn Ulvepartiet.

I den praktiske politikken vart det ofte slik at to eller fleire av dei borgarlege partia, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet/Bondepartiet, Venstre eller Det Liberale Folkepartiet/Det Nye Folkepartiet stilte felleslister saman, for å redusera antal mandat som gjekk til Arbeidarpartiet. Kva parti som stilte saman med kva varierte frå fylke til fylke, og frå val til val, avhengig av kvart parti si oppslutning og forholda mellom partia. Det året felleslister vart mest brukt var i 1949, då 6,2 % av røystene gjekk til ulike felleslister. Det einaste dømet på ei sosialistisk fellesliste var i 1969, då Sosialistisk Folkeparti og Norges Kommunistiske Parti stilte fellesliste i Bergen.

Etter at ordninga med utjamningsmandat vart innført før stortingsvalet 1989 gir det ikkje lenger meining å stilla felleslister. Stemmer som er "bortkasta" i den forstand at dei ikkje gir utteljing i mandat i ein særskilt valkrins, blir nemleg no tald med i utrekninga av utjamningsmandat, og kan difor likevel gje vinst i form av ein stortingsplass.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com