Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Språkfamiliar - Wikipedia

Språkfamiliar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Språkfamiliar er grupper av språk som ein kan visa er i slekt med kvarandre, det vil seia at dei stammar frå eit felles grunnspråk.

Innhaldsliste

[endre] Korleis språkfamiliar oppstår

Utviklinga av ulike språk frå eit grunnspråk kan skje via regelmessige endringar i uttalen av språklydar. I mange tilfelle lar dette urspråket seg i stor grad rekonstruere ved samanlikning av dei enkelte språka.

August Schleicher utvikla stamtreteorien, og kvar språkfamilie har greiner og undergreiner. Resultatet er at ein kan dele inn språk heilt ned til dialektgrupper og dialektar om ein vil. Isolerte språk er, som namnet viser, språk som ein ikkje greier å klassifisere. Vidare passar ikkje kreolspråk inn i språkfamiliane.

[endre] Å bestemma språkfamiliar

Språk i verda
Forstørr
Språk i verda

Den best kjende og mest studerte språkfamilien er den indoeuropeiske, som omfattar fleire språk sør og vest i Asia og alle språka i Europa, bortsett frå baskisk og finsk-ugriske språk som t.d. ungarsk, finsk, estisk og samiske språk.

Fleire av dei andre språkfamiliane er meir omdiskuterte. Dette kan vera fordi ein ikkje har godt nok forskingsmateriale om dei, eller på grunn av problem med sjølve omgrepet. Tanken om språkfamiliar kjem frå evolusjonen i naturen, der ein stamart gjev opphav til slekter av artar som er så ulike at dei ikkje lenger kan få avkom saman.

Språk kan derimot alltid påverka kvarandre. Norsk tek til dømes til seg stadig fleire ord frå engelsk. Engelsk på si side har fått mange ord frå norsk og både ord og setningssyntaks frå fransk og latin. Pidginspråk og kreolar er døme på at to eller fleire heilt ulike språk kan gje opphav til eit nytt språk, som dermed ikkje kan seiast å høyra til nokon særskild språkfamilie.

Det er to skolar av språkfamilieforskarar, dei som vil slå saman, og dei som vil splitte. Eit godt døme på det første er Joseph Greenberg, som har gjort framlegg om språkfamiliar som Amerind (for nesten alle dei amerikanske språka). Han meiner også at indoeuropeisk, tyrkiske språk, mongolsk, tungusisk, koreansk og eskimo-aleutiske språk er i slekt. Dei som vil splitte peiker på at Greenberg kan ha rett, men at det framleis står att å vise at dei er i slekt. Stridsspørsmålet er med andre ord kva som skal vere kriteriet på språkslektskap

Det viktigaste kriteriet på språkslektskap er leksikalsk likskap, eller snarare systematisk leksikalsk ulikskap. Kva vi kallar konsepta vi vil snakke om er arbitrært, og har vi leksikalsk likskap ut over kva som kan vere tilfeldig, er det enten lån eller genetisk slektskap. Mykje av den genetiske språkforskinga går med til å skilje lånord frå felles arveord. Språk skal også grupperast familievis. Spørsmålet er altså ikkje om tyrkisk og ungarsk er i slekt, men om dei tyrkiske og uralske urspråka er det. Før ein kan sjå etter leksikalsk likskap må ein altså rekonstruere dei urspråka ein skal samanlikne. Eit anna kriterium er grammatisk likskap. Språk som er i slekt vil ofte vere grammatisk like, og det er dermed fristande å dra slutninga den andre vegen også. Men i og med at grammatisk variasjon i verdas språk er relativt avgrensa, kan vi ha grammatisk likskap mellom språk som ikkje er i slekt. Tyrkisk og quechua har t.d. mange grammatiske fellestrekk, men er ikkje i slekt. Nabospråk som ikkje er i slekt, kan konvergere, slik som når den finitte verbbøyinga i finsk har vorte lik verbbøyinga i dei germanske nabospråka, og dermed skil seg frå uralske språk i aust. Problemet med teoriane til "samanslåarane" er at dei ofte baserer seg på grammatisk likskap, og at dei ikkje rekonstruerer urspråk for dei språkfamiliane dei vil slå saman.

[endre] Sikre språkfamiliar

Språklista er sortert etter kor mange morsmålsbrukarar kvar språkgruppe har.

Språkfamilie Verdsdel
Indoeuropeiske språk (~48% av menneskeslekta) Asia, Europa, Afrika, Amerika og Oseania
Sinotibetanske språk (~23%) Asia
Kongo-kordofanske språk (~10%) Afrika
Afroasiatiske språk (~5%) Afrika og Asia
Austronesiske språk (~3%) Oseania, Asia og Afrika
Dravidiske språk (~3%) Asia
Tyrkiske språk (~2,5%) Asia, Europa
Japansk* (2%) Asia
Koreansk** (1,1%) Asia
Uralske språk (~0,4%) Europa
Nilotiske språk (~0,12%) Afrika
Quechua-språk (Quechua ~0,12%) Amerika
Mongolske språk (~0,1%)
Tupi-Guarani-språk (<0,1%) Amerika
Khartwelspråk (Sørkaukasiske språk) (<0,1%) Asia og Europa
Dagestanske språk (<0,1%) Asia
Nachiske språk (<0,1%)
Abkasiske-adygeiske språk (<0,1%)
Mayaspråk (<0,1%) Amerika
Uto-Aztekiske språk (<0,1%) Amerika
Na-Dene-språk (<0,1%) Amerika
Khoisan-språk (<0,1%) Afrika
Mandschu-tungusiske språk (<0,1%)
Algonkin-språk (<0,1%) Amerika
Salish-språk (<0,1%) Amerika
Wakash-språk (<0,1%) Amerika
Muskogee-språk (<0,1%) Amerika
Sioux-språk (<0,1%) Amerika
Irokesiske språk (<0,1%) Amerika
Caddo-språk (<0,1%)
Hoka-språk (<0,1%)
Penuti-språk (<0,1%)
Mixe-Zoque-språk (<0,1%)
Totonakiske språk (<0,1%)
Kiowa-Tano-språk (<0,1%)
Oto-Mangue-språk (<0,1%)
Misumalpan-språk (<0,1%)
Chibcha-språk (<0,1%)
Ge-språk (<0,1%)
Karaibiske språk (<0,1%) Amerika
Mataco-Guaicuru-språk (<0,1%) Amerika
Arawak-språk (<0,1%) Amerika
Araukaniske språk (<0,1%)
Eskimo-aleutiske språk (<0,1%) Amerika, Europa

* Japansk blir brukt av kring 2% av menneskeslekta og kan kanskje reknast som ein språkfamilie, men dette er ikkje avklart.

**Koreansk blir brukt av om lag 1,1%.

[endre] Bakgrunnsstoff

  • Gordon, R.G. (Red.), Ethnologue: Languages of the world, 15, utg., SIL International, 2005.
  • Lombard, A., Alle jordens språk, Pax Forlag AS, 1996.



Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com