Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Samisk språkforsking i Sverige - Wikipedia

Samisk språkforsking i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samisk språkforsking i Sverige starta tidleg, dei første tekstane på samisk vart trykt allereie i 1619.

Innhaldsliste

[endre] 1600-, 1700- og 1800-talet

Presten Pehr Fjellström (1697-1764) i Lycksele gjekk inn for å skildre samisk på ein systematisk måte. I 1738 gav han ut grammatikken Grammatica Lapponica og ordboka Dictionarium Sueco-Lapponicum, over umesamisk. Det nye testamentet vart gjeve ut i 1755, også det på umesamisk. Den første samisk ordboka, Lexicon Lapponicum, (1780), av Erik Lindahl og Samuel Öhrling, har og vekt på umesamisk, men her er det også med delar av ordforrådet i pite- og lulesamisk. Ordboka inneheld omsetjingar til svensk og latin. På grunn av forsøket på å få fleire samiske språk inn i same skriftnorm har ordboka ein relativt stilisert ortografi, som med vekslande hell attgjev verkeleg samisk språkbruk. Samanlikna med t.d. Knud Leem si ordbok gjev ho ikkje eit like godt bilete av språket ho skal skildre. Likevel vart Lindahl og Öhrling meir brukt enn Leem i både Sverige og Finland, kanskje nettopp på grnn av dei «enkle» oppslagsformene.

[endre] Wiklund til og med Collinder (1890 -)

Mot slutten av 1800-talet kom det eit skifte i samisk språkforsking i Sverige. Ungararen Ignác Halász gjorde som første språkforskar feltarbeid på sørsamisk, på svensk side, og publiserte dei i perioden 1885-1896 (Svéd-lapp nyelv 1-7 "Sverigesamisk språk"). Grunnleggjaren av svensk samisk språkforsking, K. B. Wiklund (1868-1934) underviste i samisk i Uppsala frå og med 1894, og han fekk seinare (1909) eit professorat i fennougristikk. Avhandlinga hans, Entwurf einer urlappischen Lautlehre (1896) var starten på vitskapleg fennougristikk i Sverige.

Wiklund publiserer om sentrale junggrammatiske emne, lydhistorie, stadieveksling, stadnamn og lånord.

Wiklund sin etterfølgjar som professor i fennougristikk vart Björn Collinder (1894-1983). Collinder starta ut som nordist, men vart inspirert til å bytte emne på reise i svensk Lappland. Som nordist publiserte Collinder arbeid i skjæringspunktet mellom samisk og nordisk, t.d.

Andre arbeid var Lautlehre des waldlappischen Dialektes von Gällivare (1938). Innverknaden frå debatten etter Setälä sine teoriar er tydeleg i avhandlinga hans, som handla om finsk ugrisk stadieveksling. Han disputerade 1929 över en avhandling om finsk-ugrisk stadieväxling, men skreiv også om germanske og indoeuropeiske lånord i uralsk.

Internasjonalt er Collinder mest kjend for tre handbøker, A Handbook of the Uralic Languages (1955-1960), eit trebindsverk beståande av ei finskugrisk etymologisk ordbok, ei grammatikkskisse over alle uralske språk, og ein komparativ grammatikk.

Collinder har også omsett Kalevala til svensk.

Collinder sin etterfølgjar som professor vart Bo Wickman (f. 1917), som vart professor i 1962. Wickman hadde vorte inspirert til å byrje med fennougristikk som resultat av reiser til Estland og Ungarn i mellomkrigstida, og han orienterer seg også austover reint vitskapleg, til skilnad frå forgjengarane sine, som begge henta inspirasjon frå svensk lappmark. Wickman si doktoravhandling drøfta kasusval for objektet i ulike uralske språk, med vekt på morfologiske konsekvensar av objektskonjugasjonen (1955). Collinder publiserte populærvitskaplege arbeid om samisk, men dei mest sentrale arbeida hans er innafor allmenn fennougristikk.


[endre] Israel Ruong til i dag

Med Israel Ruong (1903-86), som sjølv var Arjeplog-same, kom ein ny tendens inn i samisk forskning. Som same var Ruong både aktiv forskar og aktiv samepolitikar. Han var med i samepolitikken, og i praktisk språkarbeid, m.a. stod han i lag med Knut Bergsland attom den såkalla Bergsland-Ruong-ortografien, ein felles norsk-svensk nordsamisk ortografi. I tillegg hadde han ei vitskapleg karriere. Ruong disputerte i 1943 på avhandlinga Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. Ruong var dosent i samisk språk og etnologi i perioden 1949-69 og fekk eit personleg professorat i 1969. På den nye ortografien gav Ruong ut grammatikken Min sámegiella (1970). Israel Ruong var ein av dei som tok initiativ til Nordisk samisk institutt, og han arbeidde for opprettinga av ein samisk institusjon i Umeå.

Nils Erik Hansegård (1918-2002) var den første professoren i samisk i Umeå, i perioden 1975-79. Boka hans, Tvåspråkighet eller halvspråkighet frå 1968 gav opphav til ein diskusjon om språkpolitikk som skulle strekke seg over fleire tiår.Han disputerte i 1967 med avhandlinga Recent Finnish Loanwords in Jukkasjärvi Lappish.

Etter Hansegård vart Olavi Korhonen professor i samisk i Umeå, på ei avhandling om båtterminologi. Korhonen har også arbeidd med samisk leksikografi.

Som i dei andre nordiske landa har dei siste tiåra endeleg sett samiske språkforskarar som har utforska sitt eige morsmål. Etter Ruong er det i SverigeElina Helander, Mikael Svonni og Susanna Angéus Kuoljok. Helander skreiv språksosiologisk, Om trespråkighet. En undersökning av språkvalet hos samerna i Övre Soppero (1988), Svonni dels språksosiologisk og dels grammatisk i Samiska skolbarns samiska. En undersökning av minoritetsspråksbehärskning i en språkbyteskontext (1993). Kuoljoks avhandling er reint grammatisk, Nominalavledningar på "ahka" i lulesamiskan (1997). Frå 2003 er Mikael Svonni professor i Umeå.

Sentrale leksikografar i Sverige har vore Harald Grundström (1885-1960) for lulesamisk og Gustav Hasselbrink (1900-1982) for sørsamisk. På bakgrunn av eigne notatar og feltarbeidsnotatane til K.B. Wiklund og Björn Collinder skreiv Grundström den store Lulelapsk ordbok (1946-1952), som presenterer oppslagsorda sine former i seks ulike dialektar av lulesamisk, med omsetjing til svensk og tysk.

Hasselbrink studerte sørsamisk som prest i Vilhelmina på 1940-talet, og i 1944 disputerte han med avhandlinga Vilhelminalapskans ljudlära med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Eit svært moderne verk, med ei eksplisitt autosegmental analyse av omlyd i sørsamisk er Alternative Analyses of the Phonemic System in Central South-Lappish (1965). Tilsvarande idear vart publisert innafor teoretiske lingvistikk først innpå slutten av 1970-talet. Hasselbrinks hovudverk er Südlappisches Wörterbuch / Oårjelsaamien baaguogärjaa (1981-1985).

Ein annan svensk lappolog var Tryggve Sköld (f. 1922), som byrja som nordist. Det mest kjende arbeidet hans er avhandlinga, Die Kriterien der urnordischen Lehnwörter im Lappischen (1961).

Bo Wickmans etterfølgjar i professorstolen var Lars-Gunnar Larsson, som framleis er professor i finsk-ugriske språk i Uppsala. Larsson si doktorhandling tar opp kasus partitiv og ablativ i austersjøfinsk og mordvinsk. Seinare har Larsson publisert mest om samisk, både faghistorisk om svensk lappologi, og dialektologiske arbeid.

Samanlikna med samisk språkforsking i nabolanda står Sverige i ei mellomstilling. Samanlikna med Noreg står den internasjonale fennougristikken litt sterkare, interessen for samisk er ikkje leke dominerande. Som i Noreg, men ikkje i Finland, klarer forskarane i alle fall til ein viss grad, å lausrive seg frå den reint historiske innfallsvinkelen.


[endre] Sjå også

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com