Salpeter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salpeter eller kaliumnitrat er ei kjemisk sambinding med kjemisk formel KNO3. Kaliumnitrat er eit oksiderande salt av salpetersyre. I fast form er det eit kvitt, krystallinsk stoff.
[endre] Bruk
Kaliumnitrat er ein viktig del av kunstgjødsel.
Saltet vert nytta i nokre typar sprengstoff, mellom anna svartkrutt.
Kaliumnitrat har e-nummer 252 og vert nytta til konservering av mat.
[endre] Biologisk rolle
Nitrationet, med formelen , blir nytta av planter i oppbygginga av klorofyll og aminosyrar. Ionet blir òg nytta av bakteriar i jorda som nyttar den kjemiske energien som blir løyst ut når nitrat blir omdanna til nitritt. Nitritt blir av andre bakteriar omdanna til nitrogen i gassform.
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |