Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Diskusjon:Republikken Komi - Wikipedia

Diskusjon:Republikken Komi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I ein flott artikkel har eg endra på nokre av navna slik at dei fylgjer Språkrådet sine retningslinjer for transkripsjon (http://www.sprakrad.no/templates/Page.aspx?id=7649). Eg meiner me bør ha konsekvent transkripsjon frå kyrillisk, og Språkrådet sine retningsliner gode og gjennomarbeidde. (Barend 29. nov. 2005 kl. 19:33 (UTC))

Det var eg som brukte č, š, osb. i artikkelen (og det er ikkje første gong eg får kommentarar), eg brukte dei dels fordi den finske originalen hadde det, dels fordi dei ligg hendig til på det samiske tastaturet, og dels fordi eg er van med dei frå Finland. Men Språkråde si tilråding er heilt i orden, så berre eg hugsar det skal eg bruke dei i framtida. Trondtr 29. nov. 2005 kl. 21:58 (UTC).

Innhaldsliste

[endre] puolijalokiviä?

Du har visst eit ord igjen å omsetja! :-) Under overskrifta 'økonomi' (Barend 5. des. 2005 kl. 18:40 (UTC))

puoli-jalo-kivi er halv-edel-stein. Eg ser på nettet at det er noko som heiter det, og håpar at vi har folk som kan skrive om dei. I republikken Komi er det tydelegvis nok av dei. Trondtr 26. des. 2005 kl. 16:58 (UTC).

[endre] Vekas artikkel?

Eg ser denne artikkelen har havna på lista over moglege vekas artikkel. Skal han kome så langt bør det bli færre raude lenkjer her, framforalt gjeld dette artiklar om dyr og plantar, men også om ein del andre russiske føderale subjektar. Så jer er det fritt fram. Trondtr 26. des. 2005 kl. 17:01 (UTC).

[endre] Innstramming under Khrusjtsjov?????

Eg er litt forvirra over formuleringa "innstramminga under Khrusjtsjov" i historie-bolken. Generelt sett var det ganske vanskeleg å stramma særleg meir inn på noko som helst enn det Stalin hadde gjort - Khrusjtsjov var stort sett ein reformator. Var det nokon spesielle høve i Komi som førte til ei innstramming der? Vil ikkje berre endra det med det same før eg høyrer om nokon veit kva som ligg bak...(Barend 30. des. 2005 kl. 17:43 (UTC))

Språkpolitikken vart stramma ganske kraftig inn under Khrusjtsjov, ikkje berre her, men i nesten alle minoritetsrepublikkane (unntaket er dei deporterte nasjonalitetane, der dei fleste fekk kome attende etter Stalin, for dei var det sjølvsagt noko anna). jf. to artiklar eg har skrive om sovjetisk språkpolitikk Nordisk Østforum 3/1995 og Nordisk Østforum 3/1997. Kortversjonen er at mens skolegangen i dei autonome republikkane i Russland under Stalin var på minoritetsspråket i småskolen og for dei større folka i heile grunnskolen, vart morsmålet si rolle kraftig redusert med Khrushtsjov sin nye språkpolitikk frå tiårsskiftet. Denne politikken møtte stor motstand, m.a. i dei baltiske republikkane og i Kaukasus, jf. litteraturtilvisingane i artiklane mine. Eg veit ikkje om nokon mangespråkleg stat det minoritetsspråka har hatt ein så god status som under Stalin. Dei nasjonale aktivistane vart skotne og sende til fangeleirar for "borgarlege avvik", men ungane deira fekk morsmålsundervisning på skolen. Khrutsjtsjov endra på begge desse trekka i den sovjetiske politikken. Trondtr 31. des. 2005 kl. 11:18 (UTC).

[endre] Den komiske republikk?

Det er vel kanskje riktig at det heiter "Den komiske republikk", men det blir berre litt for komisk. Eg er van med at republikken bli omtala som "Republikken Komi"

Vidare så står det "Nenetsia" i artikkelen. Kan dette vere riktig. I alle andre samanhengar eg har møtt på dette blir det skrive "Nenets", eg meiner altså at det burde stå: "Petsjora renn gjennom Komi inn i Nenets.", ikkje "Petsjora renn gjennom Komi inn i Nenetsia. " som det står i dag.

stykkjet 28. mars 2006 kl. 18:26 (UTC)

Russiske provinsnavn kan vera litt vriene. Problemet er at russarane sjølv brukar adjektiviske navn, på russisk heiter det altså "det nenetsiske autonome området". På norsk vil me gjerne ha eit substantiv, og etter mønster av mange av dei andre etnisk baserte føderasjonssubjekta (Udmurtia, Khakasia, Burjatia) har nynorsk-wikipedia førebels endt på Nenetsia. Blant våre wikipedia-søsken har portugisisk, nederlands, finsk og katalansk gjort same valet. Tysk og engelsk har derimot gått for det lange russiske adjektiviske navnet, på tysk "autonomer Kreis der Nenzen" og engelsk "Nenets autonomous district". Merk altså at Nenets i den engelske varianten er eit adjektiv, ikkje eit navn i seg sjølv. Våre vener i språkrådet vil at me skal skriva Nenetsk, noko eg anser som rett og slett rart - det ser ut som dei berre har tatt det russiske adjektivet og kutta bøyingsendinga av det. Men bokmåls-wikipediaen følgjer i skrivande stund språkrådet sitt forslag. Slik er bakgrunnen, så er det berre å køyra debatt. Eg held ein knapp på Nenetsia. (Barend 29. mars 2006 kl. 14:27 (UTC))
Dét var ei fin utgreiing! Der me medvite vel å avvika frå Språkrådet sine tilrådingar, er det på sin plass med ei slik grunngjeving av valet. Avsnittet over kan difor gjerne til dømes setjast inn (under overskrifta «Namnet») i ein bolk i artikkelen om Nenetsia!
--Verdlanco\ordskifte 29. mars 2006 kl. 20:06 (UTC)
Eit raskt søk på netter gjev 700 og noko smått treff på Nenets og 43 på Nenetsia. Kanskje noko å tenkje på. Eg la forøvrig merke til at UDI nyttar Nenetsia. Det gjer det kanskje offesielt? Synst likevel det høyrest feil ut, men skal gje meg. stykkjet 29. mars 2006 kl. 21:01 (UTC)
Merk at dei aller fleste treffa for "Nenets" er enten språket (in Nenets, the verb is inflected as follows ...) eller det er den adjektiviske bruken av namnet ("the Nenets autonomous area..., in traditional Nenets culture..."). Så 43 av 700 er ganske mykje, når du dreg språk og adjektiv frå dei 700. Trondtr 30. mars 2006 kl. 09:46 (UTC).
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com