Radikale Venstre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Radikale Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Danmark. Partiet vart grunnlagt 21. mai 1905. Formannen er Søren Bald, sidan 2001. Leiar av folketingsgruppa er Marianne Jelved. Ved det siste folketingsvalet, i 2005, fekk partiet 9,2 % av røystene og 17 plassar i Folketinget. Det tilhøyrer for tida opposisjonen. Radikale Venstre er med i den Liberale Internasjonale og er søsterparti av Venstre i Noreg.
Partiet har hatt tre statsministrar, seinast Hilmar Baunsgaard (1968-1971).
Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Radikal Ungdom af 1994.