Mikkjel Fønhus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikkjel Arneson Fønhus (14. mars 1894—1973) var ein norsk forfattar. Fønhus kom frå Sør-Aurdal i (Valdres) i Oppland fylke, der han budde mestedelen av livet. I kortare periodar budde han i Oslo. Fyrst var han student og seinare som journalist i De Norske Intelligentsedler. Han reiste mellom anna til Afrika, Amerika og Nord-Noreg. På reisene fekk han inntrykk som han nytta i forteljingane sine.
Fønhus debuterte med Skoggangsmann i 1917, og fekk eit gjennbrot allereie med si andre bok i 1919, med tittelen Der villmarka suser. I løpet av 1920-talet etablerte Fønhus seg som ein folkekjær forfattar, med store opplag av bøker som Det skriker fra Kverrvilljuvet, Trollelgen, Under polarlyset, Rauldalsdansen og Reinsbukken på Jotunfjell. Fønhus var ein sært produktiv forfattar, og den totale lista over verka hans tel over femti bøker. Fleire av bøkene vart utgjevne etter at han døydde.
Fønhus er kjend for sine dyre- og naturskildringar.
[endre] Viktige verk
- 1917 – Skoggangsmand
- 1919 – Der vildmarken suser
- 1920 – Det skriker fra Kverrvilljuvet
- 1921 – Trollelgen
- 1934 – Ontarioskogen
- 1936 – Skiløperen
- 1942 – Elge-Knut
- 1966 – Gaupe
[endre] På verdsveven
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |