Mikhail Kasianov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikhail Mikhajlovitsj Kasianov (russisk Михаил Михайлович Касьянов), fødd 2. desember 1957, er ein russisk politikar. Han var statsminister i Russland frå 2000 til 2004.
Kasianov vart fødd i byen Solntsevo i Moskva oblast. Utdanna ingeniør og økonom. Frå 1978 til 1990 jobba han for Gosplan - den statlige planleggingskomitéen i Sovjetunionen, som hadde som oppgåve å utarbeida femårsplanar for den sovjetiske økonomien. Frå 1990 til 1999 jobba han først i økonomidepartementet og så finansdepartementet i den russiske føderasjonen.
I 1999 vart Kasianov finansminister i Russland. Då Vladimir Putin vart president vart Kasianov statsminister. I februar 2004, ikkje lenge før presidentvalet, vart han avsett som statsminister av Putin.
I 2005 erklærte Kasianov at han aktar å stilla som presidentkandidat ved valet i 2008 i opposisjon til Putin sin kandidat. Han har òg sagt at han kan koma til å trekkja kandidaturet sitt dersom den demokratiske opposisjonen samlar seg bak ein annan kandidat. Etter dette har påtalemakta starta etterforsking av korrupsjonsanklagar mot Kasianov frå tida då han var statsminister.
Føregjengar: Vladimir Putin |
Russland sin statsminister |
Etterfylgjar: Viktor Khristenko |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |