Marta Steinsvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marta Steinsvik (23. mars 1877-1950), norsk forfattarinne, omsetjar og målkvinne.
Ho vart fødd med namnet Marta Tonstad på garden Skjeggestad i Bakke sokn ved Flekkefjord. Faren Torkell Tonstad var fødd i Sirdal, men var den tida lærar i Flekkefjord. Han åtte òg garden Skjeggestad, og her var Marta til ho var tre år gamal. Mora Ingeborg var òg frå Tonstad, og båe var av særs gamle bondeætter.
I 1894 tok ho til å skriva i avisa "Den 17de Mai", som hadde teke til å koma ut same året.
Den 16. mai 1896 gifta ho seg med Rasmus Olai Steinsvik, som var ein av mennene bak bladet "Den 17de Mai".
I 1910 vart ho redaktør for tidsskriftet Kringsjaa. Ho var språkmektig og omsette mange bøker til nynorsk. Mellom anna omsette ho "Jean d’Arc" av Louis de Conte frå 1905 og "Kvar gjeng du?" (orginaltittel: Quo vadis?) av Henryk Sienkiewicz frå 1903. "Frimodige ytringer" kom i 1946 og handla om landssvikoppgjeret etter den andre verdskrigen.