Maaouya Ould Taya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maaouya Ould Sid'Ahmed Taya (arabisk معاوية ولد سيد أحمد الطايع) (f. 1941) er ein mauritansk politikar og tidlegare oberst. Han hadde makta i Mauritania frå han tok makta ved eit statskupp i 1984 til han blei avsett på same vis i 2005.
Ould Taya var offiser med ansvar for nasjonalgarden før han blei statsminister og forsvarsminister for det vestafrikanske landet frå 1981 til 1984. Eit ublodig kupp som styrta president Mohamed Khouna Ould Haidallah gav Ould Taya den reelle makta i desember 1984.
I 1991 innførte han ein ny grunnlov og gjorde landet til ein fleirpartistat. Året etter blei Ould Taya vald til president. Han blei attervald i 1997, mot sterk kritikk frå opposisjonen om valgfusk.
Presidenten har slått hardt ned på islamistiske grupper som har brukt den mauritanske ørkenen som base, mellom anna med hjelp frå USA. Han knytta diplomatiske bande med Israel i 1999, noko som isolerte landet hans frå dei andre i den arabiske ligaen.
Sidan 1999 har Ould Taya klart seg gjennom fleire kuppforsøk, men bare såvidt gjennom forsøket til ei islamistisk gruppe i 2003.
Den 3. august 2005 tok den mauritanske hæren makta medan presidenten var i Saudi-Arabia i gravferda til kong Fahd. Ould Taya fekk meldinga medan han var på veg heim, og flyet hans landa i Niamey i Niger.