Linear B
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linear B er ei stavingsskrift som det mykenske målet, tidleg græsk, vart skrive med. Det bygde på ei tidlegare stavingsskrift (linear A) for det minoiske målet og svara soleis ikkje noggrant til ljodverdi i mykensk.
Innskriftene er skrivne på leirtavlor, og flestalle er frå 1300-1200 f. Kr. Det fyrste fundet ved Knossos gjorde den britiske arkeologen Arthur Evans 31. mars 1900, og 6. april fann han ei stor samling tavlor.
Michael Ventris avkoda linear B i 1951–1953.
Linear B hev um lag 200 teikn, skipa etter stavingsteikn med ljodverde og logogram (eller ideogram) med semantiskt verde; linear B er difor berre i noko ei stavingsskrift.