Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Lascaux - Wikipedia

Lascaux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lascaux er namnet på eit gods ved Montignac i Dordogne i Frankrike der fire gutar i 1940 fann ei hole som viser holemaleri som er 15.000 - 17.000 år gamle.

Holemaleri frå Lascaux i Dordogne
Forstørr
Holemaleri frå Lascaux i Dordogne

Lascaux er ein kolle forma av kalkstein frå den yngre kritt-tida og hola skil seg ut frå andre grotter i området ved at ho er djup og «tørr». Takka vere eit lag med leire har ikkje vatn klart å trenge inn gjennom den porøse bergarten. Dette har verna veggmaleria i tida fram til dei blei oppdaga.

Innhaldsliste

[endre] Oppdaginga

12. september 1940 var Marcel Ravidat, Jacques Marsal, Georges Agnel og Simon Coencas på tur i skogen ved Lascaux då hunden deira, Robot, oppdaga noko rart ved rota av eit nedfalle eiketre. Gutane skjøna at det var ei hole og med ei lampe kunne dei utforske dei første maleria. Seinare blei ein lærar kopla inn og han tok kontakt med Abbed Hénri Breuil som var den leiande forskaren innan forhistorie i Frankrike. Han kunne erklære funnet som ekte. Abbed Breuil karakteriserte seinare det såkalla «okserommet» som «den eldre steinalders sixtinske kapell».

[endre] Tolking av holemaleria

Abbed Breuil meinte maleri i holer som Lascaux i stor grad var uttrykk for jaktmagi. Ved å avbilde dyret fekk ein makt over det. Dette var eit syn som hadde stor utbreiing og som stemde overeins med det ein alt kjende til av magi i "primitive" samfunn. Strekar blei tolka som piler eller spyd som jegerane forsøkte å felle dyra med, men kritikarane av dette synet viste til at dei flest dyrefigurane i ulike holer ikkje såg skadde ut i det heile. I Lascaux blei det funne mykje reinsdyrbein, men ingen reinsdyr er avbilda på veggane.

1950- og 1960-talet fremja Annette Laming-Emperaire og André Leroi-Gourhan strukturalistiske tolkingar av holemaleria. Denne tilnærminga henta mykje inspirasjon frå antropologen Claude Lévi-Strauss og hans analyse av myter som organiserte kring binære opposisjonar. Dette innebar at ein såg på holemaleria som planlagde komposisjonar der dei ulike figurane er plasserte ut frå verdsoppfatningar som vi ikkje kan kjenne. Vi kan likevel finne eit mønster for korleis maleria har vorte komponerte. Ifølgje desse tolkingane sto ofte hestar og ibuxar (antilopar) i ein opposisjon til bisonar og oksar i dei ulike holene. Dei siste representerte det feminine, medan dei første representerte det maskuline i komposisjonen. Dei strukturalistiske tolkingane har sidan vorte kritiserte for å vere basert på for vilkårlege inndelingar i høve til kva figurar som står i opposisjon til kvarandre og ikkje. Seinare forsking har likevel til ein viss grad bygd på strukturalistane sine arbeid.

[endre] Vitjing av hola

Hola blei opna for vitjing etter andre verdskrigen, men ho blei stengd att i 1963. Grunnen til dette var at bileta byrja å ta skade. Det viste seg at karbondioksyden frå over tusen besøkande kvar dag fekk bileta til å forsvinne. Dampen frå pusten deira førte også til at det byrja å vekse alger inne i hola som også truga bileta. Framleis må grotta kontrollerast dagleg for å overvake tilstanden til maleria.

I 1983 blei det opna ein «faksimile» eller kopi av grotta kalla Lascaux II. Kunstnarar brukte ti år på å lage denne kopien så lik den originale som råd. Dei forsøkte også å etterlikne både teknikk og malinga som dei opphavlege holebuarane kunne ha brukt.

[endre] Lekkjer ut

Puslespillbit Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over spirer.
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com