Laboratorieutstyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laboratorieutstyr er utstyr som vert brukt i eit laboratorium. Utstyret kan vera spesiallaga for laboratoriebruk, eller det kan vera utstyr som òg vert nytta i andre samanhengar.
[endre] Eksempel på laboratorieutstyr
- Analysevekt for å vega inn små mengder stoff. Mange analysevekter har nøyaktigheit på ±0,0001g.
- Begerglas
- Bunsenbrennar - ein type gassbrennar.
- Byrette - vert brukt til titrering.
- Erlenmeyerkolbe
- Kyvette - målecelle brukt i til dømes UV/VIS-spektrometer. Sjå UV/VIS-spektroskopi.
- Magnetrørar med magnet kan gjera det lettare å løysa stoff
- Mikroskop
- Målekolbe
- Målesylinder
- pH-meter til å måla pH.
- Pipette
- Reagensrøyr
- Rotavapor
- Spatel
- Termometer
- Urglas
- Vegeskip - liten behaldar av glas eller plast til å vega inn stoff i.
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |