Kontra-revolusjonær
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kontra-revolusjonær betyr rett og slett mot-revolusjonær, personar og grupper som er imot ein revolusjon som har skjedd eller er under gjennomføring. Det politiske innhaldet i uttrykket varierer sjølvsagt etter kva politisk innhald han måtte ha, den revolusjonen desse er imot.
Historisk sett er døme på verkeleg kontra-revolusjonære dei som ville gjenopprette det i prinsippet eineveldige monarkiet og makta til adelen og den katolske kyrkja etter den store revolusjonen i Frankrike frå 1789 og frametter, og dei som ville gjenopprette tsarstyret og godseigarmakta etter revolusjonane i 1917 i Russland. Men ekstremistar og maktmisbrukarar i revolusjonære situasjonar og i nye revolusjonære regime har og somtid hatt ein tendens til å kalle kontra-revolusjonære andre revolusjonære som ikkje ville gå like langt eller gå i ei noko anna retning enn dei sjølve.
Sjå og kontrarevolusjon.