Konrad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konrad er eit mannsnamn med tysk utsprang, Kuonrat; "Han som gjev djerve råd". Kon (Kühn eller Kuon) tyder djerv, dristig eller uredd, medan Rad (Rat) tyder råd eller rådslag. Kortforma Kurt er mest utbreidd i Noreg i dag.
Medan Konrad er kjend i Noreg frå 1300-talet, har kortformane Kurt og Kort spreidd seg sidan 1400-talet. I dag vert ikkje Kort nytta. Bruken av gutenamnet Konrad kulminerte rundt 1900, og er ikkje eit vanleg dåpsnamn i dag, men har hatt ein liten oppsving dei siste åra.
[endre] Namnedagar
Konrad har norsk namnedag den 26. november, medan namnet blir feira den 12. november i Sverige.
[endre] Kjende berarar av namnet
- Konrad Lorenz - ein av grunnleggjarane av etologien og nobelprisvinnar i fysiologi/medisin.
- Konrad Adenauer - tysk sambandskanslar
- Konrad Zuse - konstruerte den første programmerbare datamaskina.
[endre] På verdsveven
- SSB - namnestatistikk for mannsnamnet Konrad i Noreg.