Kommunesamanslåing
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommunesamanslåing inneber å slå saman administrasjonen til fleire kommunar, gjerne for å effektivisera drifta og spara pengar. Praktisk inneber ei samanslåing at minst ein kommune må skifta namn og kommunevåpen. Overføringa av makt og endringa av identitet som samanslåing fører med seg, inneber ofte stor motvilje mot prosessen frå dei som skal slåast saman.
Innhaldsliste |
[endre] Då mange blei få
I 1958 hadde Noreg 744 heradskommunar, 64 bykommunar og noen få ladestader og andre område med særstatus. Mange av kommunane var små og lite effektive. Schei-komitéen gjekk gjennom alle kommunane og føreslo fleire hundre samanslåingar. Dei fleste blei gjennomført i løpet av 1960-talet. Toppåret var 1964, då rundt ein fjerdedel av kommunane i Noreg blei lagt ned. Også i 1963 og 1965 var det svært mange samanslåingar.
Det blei skapt store bykommunar som slukte bygdene omkring, mellom anna for å hjelpa byveksten. Samanslåingane førte til ein storm av protestar, som regel til lita nytte. Noen få kommunar, som Hole i Buskerud, fekk seinere løysrive seg igjen.
Samanslåingane på 60-tallet var kanskje dårleg likte, men dei var òg nokså nødvendige, sjølv om ein og annan kommune nok kunne ha vore spart. Landet fekk ein langt mer oversynleg og velfungerande kommunestruktur.
[endre] Etter sekstitalet
På 70-talet var det få samanslåingar, men på slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet begynte ein å slå saman kommunar rundt dei mellomstore byane. Samanslåingar skjedde særlig i Østfold og Vestfold, men også rundt Hamar.
Den økonomiske vinninga var svært mager, så i tiden etter dette har det vore få samanslåingar. I 2004 blei det gjort framlegg om at ein tredjedel av kommunane må slåast saman for å effektivisera driften. Denne gongen skal samanslåingane vera frivillige, noe som har ført til at Skjerstad kommune blei ein del av Bodø etter flertall i ei folkeavstemming. I Buskerud stemte Røyken og Hurum nei til samanslåing.
Det finst òg alternativ til samanslåing, til dømes samkommunar. Det vil seie at kommuneadministrasjonane blir slått saman, men at kommunane fortsatt har ei eigen folkevald forsamling og eit servicekontor. Dette er under utprøving i Innherred samkommune, som omfattar kommunane Verdal og Levanger i Nord-Trøndelag.
[endre] Nylege kommunesamanslåingar
- 1. januar 2006
- Aure og Tustna til Aure kommune
- 1. januar 2006
- Ølen og Vindafjord til Vindafjord kommune
[endre] Framtidige kommunesamanslåingar
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
- Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser
- St meld nr 32 (1994-95) Kommune- og fylkesinndelingen[1]