KNM «Tyr»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KNM «Tyr» (Ex. MS «Standby Master») er eit minekontrollfarty. Hovudoppgåvene er utlegging, opptaking og vedlikehald av kontrollerbare minefelt langs kysten. Fartyet vart bygd ved Voldnes Skipsverft i Ålesund i 1981. Fartyet segla som standbyfarty i Nordsjøen. Fartyet vart kjøpt av Sjøforsvaret i 1993. Skipet vart bygd om og modernisert ved Mjellem og Karlsen i Bergen. Fartyet fekk mellom anna installert dynamisk posisjoneringsutstyr og miniubåt (ROV). Kommando vart heist ombord fyrste gong 7. mars 1995. KNM «Tyr» høyrer til Minekrigsflotiljen og er stasjonert på Haakonsvern Orlogsstasjon i Bergen.
Fartyet har mykje utstyr som gjer det brukande til mange forskjellige oppdrag. I tillegg til Sjøforsvaret vert skipet nytta av m. a. Tollvesenet, Politiet, Statens ureiningstilsyn, Havforskingsinstituttet og Forsvarets forskingsinstitutt.
Fartyet kan nyttast til torpedoopphenting, utlegg og opphenting av uavhengige minesystem, vrakleiting og -filming, filming og kartleggjing av havbotnen, inspeksjon og filming av undervassinstalasjonar, nøyaktig posisjonering og utplassering av utstyr som skal nyttast på havbotnen, søk etter sakna gjenstandar og personar, større redningsoperasjonar på overflata, slep, løft på 9 tonn, frakt av større gjenstandar og assistanse til andre farty i samband med brann, havari og liknande.
Fakta:
Bemanning: 7 offiserar, 3 matrosar (verva) og 10 vernepliktige mannskaper.
Hoveddimensjonar:
Deplasement: 550 tonn (lett) og 735 tonn (fullasta)
Lengde: 42.5 meter
Breidde: 10 meter
Største djuptgåande: 5.8 meter
Høgde: 20.5 meter
Fart: 12 knop
Lastekapasitet: ca 80 tonn
Hjelpebåtar:
Mann over bord båt (MOB)(Ufas Sjøbjørn 25)
Koplingsbåt
Kabelbåt
Dykkarbåt(Zodiak gummibåt)
Dykkarkapasitet:
Fartyet har to vernepliktige skipsdykkarar og er utstyrt for dykkaroperasjonar til ei maksimal operasjonsdjupne på 30 meter. Fartyet har undervasstelefon og dykkarsamband.