Kasjmirarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kasjmirarar er ei folkegruppe frå Kashmir, eit tidlegare sjølvstendig kongedøme som nå er delt mellom India og Pakistan. Kasjmirarane er hovudsakleg muslimar, men ein del er òg hinduar. Dei snakker kasjmirsk, eit indoeuropeisk språk, som på kasjmirsk heiter kåsjur.
Den tidvis valdelege konflikten om kven som skal styra Kashmir har ført til at folket har vore delt i to av ei grense som vart laga og stengd i 1947. I 2005 fekk dei første vanlege kasjmirarane kryssa grensa for å vitja familie.
[endre] Sjå òg
- Jammu og Kashmir (Indisk Kashmir)
- Azad Kashmir (Pakistansk Kashmir)
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |