Jamal-Nenetsia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Salekhard | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 5. 750 300 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 72. ca. 507 000 (2002) |
||||
Føderalt distrikt | Ural | ||||
Økonomisk region | Vest-Sibir | ||||
Regionsnummer | 89 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Jurij Vasiljevitsj Nejolov | ||||
Nasjonalsang | |||||
Tidssone | UTC +0500 |
Jamal-Nenetsia (russisk Ямало-Ненецкий автономный округ) er eit sjølstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er ein del av Tjumen oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Salekhard, arealet er 750 000 km² og innbyggjartalet er 507 000 (2002). Den største byen er Nojabrsk.
Jamal-Nenetsia ligg heilt nordvest på den sibirske sletta. I nord ligg Nordishavet. Her munnar elva Ob ut i ei nesten 1000 kilometer lang vik eller fjord, Ob-golfen. Området er for det meste lavland, men i vest omfattar det dei nordlegaste utløparane av Uralfjella - det høgste punktet er fjellet Pajer (1499 m.o.h.) Havet er frose store delar av året, og landskapet er for det meste tundra. Kun i sør fins det litt skog. Middeltemperaturen i januar er -25 grader celsius, i januar +7 grader celsius.
I 1962 vart det funne store petroleumsforekomster i Jamal-Nenetsia. Over 90% av all naturgass i Russland blir utvunnen her, og også mykje olje. Området er òg eit av dei områda i Russland der det blir drive mest reindrift, hovudsakleg av urfolka. Dessutan førekjem det ein del oppdrett av pelsdyr.
Grunna oljenæringa har Jamal-Nenetsia hatt stor innvandring frå resten av Russland og utlandet òg. Dermed utgjer urfolket no kun ein liten del av folket. Dei største etniske gruppene er:
- Russarar - 62,8%
- Ukrainarar - 5,8%
- Tatarar - 5,8%
- Nenetsar - eit samojedisk folkeslag - 4%
- Khantiar - 1,5%
- Komiar - 1%
[endre] Historie
Området har vore busett av nenetsar iallfall siden det første årtusen e.Kr. På 1000-talet kom kjøpmenn frå Novgorod til dette området. Sidan rundt 1500 hevda herskarane i Moskva overherredøme, men først i 1595 vart det første russiske støttepunktet oppretta - festninga Obdorsk (dagens Salekhard). Utover 1700-talet utvikla dette seg til ein handelsplass der russiske handelsfolk bytte til seg pelsverk, fisk, elfenbein av mammut og kvalrosstenner.
Etter den russiske revolusjonen vart sovjetisk styre oppretta i april 1918. Det jamalo-nenetsiske nasjonale distrikt vart oppretta i 1930. I Stalin-tida fans det fangeleirar som var del av gulag-systemet her, og slavearbeidskraft frå desse leirane bygde mellom anna ei jernbanelinje austover frå Salekhard.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart området eit av føderasjonssubjekta i den uavhengige russiske føderasjonen.
[endre] Eksterne kjelder
Jamal-Nenetsia sine offisielle heimesider på russisk
Kommersant artikkel på engelsk