Idar Kristiansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idar Kristiansen (1932–1985) var ein norsk forfattar fødd i Honningsvåg.
Forfattardebuten kom med diktsamlinga Sanger fra en tundra i 1957. I 1970 kom Korstog mot Kautokeino, ei dokumentarskildring av Kautokeino-opprøret på 1850-talet. Hovudverket hans var serien «Kornet og fiskene» i fire band om den finske innvandringa til Finnmark, Svanevinger i nord (1978), Den salte åkeren (1979), Stiene fører til havet (1980) og Guds nåde nordpå (1981). Han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 1981 for serien. Den siste boka hans, Nådekvalpenes dal, kom ut posthumt i 1985. Boka var tenkt å vera den fyrste i eit tre-bandsverk om evakueringa og brenninga av Finnmark under Andre verdskrigen, men han fekk berre ferdig fyrste bandet før han døydde.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1980 Aschehougprisen
[endre] Bøker
- 1957 Sanger fra en tundra, dikt (Aschehoug, Oslo)
- 1961 Alt du trodde glemt, dikt (Aschehoug, Oslo)
- 1970 Korstog mot Kautokeino, dokumentarbok (Grøndahl, Oslo)
- 1978 Svanevinger i nord, roman (Grøndahl, Oslo)
- 1979 Den salte åkeren, roman (Grøndahl, Oslo)
- 1980 Stiene fører til havet, roman (Grøndahl, Oslo)
- 1981 Guds nåde nordpå, roman (Grøndahl, Oslo)
- 1982 Brenninger forut, noveller og dikt (Grøndahl, Oslo)
- 1983 Regnskap i rødt, roman (Grøndahl, Oslo)
- 1985 Nådekvalpenes dal, forteljingar (Grøndahl, Oslo)
[endre] Bakgrunnsstoff
- Idar Kristiansen:Min sang til Kåfjord
- Kaisa Lindbach om kvenlitteratur i Nord-Noreg hjå Universitet i Tromsø
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |