Hestekraft
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hestekraft er ei eining for måling av effekt, men er ikkje ei SI-eining. Ein DIN-hestekraft (metrisk hestekraft) er lik 735,49875 watt og har symbol hk elller hk (DIN). Ein SAE-hestekraft (evt. britisk hestekraft eller bremsehestekraft) er lik 745,69987158227022 watt.
Eininga hestekrefter blei fyrst bruka av James Watt som eksperimentelt fastslo at ein hest som da blei nytta i dei engelske gruvene gjennomsnittleg var i stand til å heise ei last på 33 000 pund ein fot opp i løpet av eitt minutt. Dette tilsvarar ca 75 kg ein meter opp på eitt sekund. Denne eininga blei så nytta ved utrekning av kor mange hestar ein dampmaskin kunne erstatte.
Ein sekshestekrefters dampmaskin kunne dermed erstatte seks hestar. Ein har i ettertid funne at få hestar er i stand til å levere så mye som ein hestekraft over tid slik at James Watts dampmaskiner faktisk estatta fleire hestar enn det blei lova.
Hestekrefter blir i dag stort sett bare brukte av historiske grunnar, til dømes til å gje effekten av motor i særleg bilar, og er i ferd med å fasast ut til fordel for kilowatt. Ein tommelfingerregel for konvertering er at 1 hk er ¾ kW.
I vitskapleg samanheng bruker ein måleeiningar i SI-systemet der watt er gitt som måleeining for effekt.