Harald II av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald II Eiriksson (om lag 935-970) var son av kong Eirik Blodøks og soneson av kong Harald Hårfagre. Harald II var konge av Noreg frå om lag 960 til 970. Han vert ofte kalla Harald Gråfell (Haraldur gráfeldur).
Han var son av Eirik Blodøks og Gunnhild Ossursdotter, men vaks opp hjå fosterfaren Harald Gormsson Blåtann. Han hadde 8 sysken.
Tilnavnet fikk han i fylgje Heimskringla etter ei reise til Hardanger. Der såg han ein islandsk handelsmann med mange skinn, som han ikkje fekk seld. Harald gjekk bort til han og spurde om han kunne få eit skinn av han, og det fekk han. Snart hadde alle ombord i Harald sitt skip skinnfellar. Etter dette gjekk salet av skinnfellar så bra at halvdelen som ville kjøpe skinnfell ikkje fekk.
Han overtok trona etter at han vann eit slag mot kong Håkon den gode. Slaget ved Fitjar stod om lag 960. Harald og sysknena var i stendig kamp mot Håkon den Gode etter at han dreiv far deira ut av landet. Etter slaget vart Harald konge saman med fire yngre brør. Alle var som underkongar under danskekongen Harald Blåtann. Eirikssønene ville stendig ha meir makt, og prøvde å leggja under seg meir land. Dei gjekk til kamp mot Ladejarlane, som var mektige i Trøndelag, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Danskekongen likte ikkje det, og tok parti med Ladejarlane. Harald Gråfell vart kalla til Danmark, der han vart drepen i eit bakhaldsangrep på Hals ved Limfjorden om lag 970. Dei attlevande brørne rømde etter dette landet. Danskekongen gav så makta i Noreg til Ladejarlen Håkon Sigurdsson Jarl.
Etterfylgde Håkon I Adalsteinsfostre den gode |
Konge av Noreg | Etterfylgjar Harald I Blåtann av Danmark| Håkon Sigurdsson Ladejarl |