Golf
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om idretten. For andre tydingar, sjå Golf (fleirtyding).
Golf er ein utandørsidrett der enkeltspelarar eller lag slår ein liten ball i hol med ulike typar køller. I golfreglane blir idretten definert som «å spille en ball med en kølle fra utslagsstedet ned i hullet med et slag eller flere påfølgende slag i overensstemmelse med reglene» (bokmål).
Golf oppstod truleg i Skottland og har vore spelt i fleire hundre år på Dei britiske øyane. Sjølv om golf av nokre blir rekna som ein fritidsaktivitet helst for rike, blir spelet stadig meir populært og talet på spelarar veks i store delar av verda. I Noreg er over 119 000 spelarar medlem av Norges Golfforbund. Dette blir ein gjennom medlemskap i ein norsk golfklubb. Det blir kravd medlemsskap for å kunna spela på dei aller fleste av dei norske banane.
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over idrettsspirer. |