Gassturbin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gassturbin er ein forbrenningsmotor med kontinuerleg forbrenning. Han vert utgjort av av tre delar: kompressor, forbrenningskammer og turbin. Kompressoren og turbinen er bunde saman med ein aksling. Gass/drivstoff vert injisert i forbrenningskammeret og blanda med luft under trykk frå kompressoren. Dei varme avgassane som har høgt trykk vert førd forbi turbinblada og driv både turbinen og kompressoren.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |