Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Fermattal - Wikipedia

Fermattal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fermattala, som er oppkalla etter den franske matematikaren Pierre de Fermat, er positive heiltal av forma

F_{n} = 2^{2^n} + 1,

der n er 0 eller eit positivt heiltal. Dei fyrste åtte fermattala er:

F0 = 21 + 1 = 3
F1 = 22 + 1 = 5
F2 = 24 + 1 = 17
F3 = 28 + 1 = 257
F4 = 216 + 1 = 65537
F5 = 232 + 1 = 4294967297 = 641 × 6700417
F6 = 264 + 1 = 18446744073709551617 = 274177 × 67280421310721
F7 = 2128 + 1 = 340282366920938463463374607431768211457 = 59649589127497217 × 5704689200685129054721

Om 2n + 1 er eit primtal og n > 0, kan det visast at n må vera ein toerpotens. (Om n = ab der 1 < a, b < n og b er eit oddetal, er 2n + 1 ≡ (2a)b + 1 ≡ (−1)b + 1 ≡ 0 (mod 2a + 1).) Alle primtal av forma 2n + 1 er med andre ord eit Fermattal og vert kalla Fermatprimtal. Dei einaste kjente fermatprimtala er F0,...,F4. For faktorising av fermattal sjå Prime Factors of Fermat Numbers

Innhaldsliste

[endre] Grunnleggande eigenskapar

Fermattala kan uttrykkast med fyljande rekursjonar

F_{n} = (F_{n-1}-1)^{2}+1\,
F_{n} = F_{n-1} + 2^{2^{n-1}}F_{0} \cdots F_{n-2}
F_{n} = F_{n-1}^2 - 2(F_{n-2}-1)^2
F_{n} = F_{0} \cdots F_{n-1} + 2

for n ≥ 2. Desse rekursjonane kan alle provast med matematisk induksjon. Frå den siste rekursjonan kan vi utleia Goldbach sitt teorem, som seier at ingen koprime fermattal har ein felles faktor. For å visa dette går vi ut frå at 0 ≤ i < j og at Fi og Fj har ein felles faktor a > 1. Da dividerer a både produktet

F_{0} \cdots F_{j-1}

og Fj, slik at a dividerer differensen deira 2. Ettersom a > 1 fører dette til at a = 2. Men dette er ei sjølvmotseiing, ettersom begge fermattala må vera oddetal. Ein logisk konsekvens av dette kan vi konstruere eit prov for at det finst uendeleg mange primtal: for kvar Fn, velg ein prime faktor pn. Sekvensen {pn} er da ein uendeleg sekvens av distinkte primtal.

Her er fleire grunnleggande eigenskapar til fermattala:

  • Om n ≥ 2, er Fn ≡ 17 eller 41 (mod 72). (Sjå modulær aritmetikk)
  • Om n ≥ 2, er Fn ≡ 17, 37, 57, eller 97 (mod 100).
  • Talet på siffer D(n,b) når Fn vert uttrykt med base b er
D(n,b) = \lfloor \log_{b}\left(2^{2^{n}}+1\right)+1 \rfloor \approx \lfloor 2^{n}\,\log_{b}2+1 \rfloor (Sjå golvfunksjonen)
  • Med unnatak av F1 = 2 + 3 kan ingen fermattal uttrykkast som ein sum av to primtal.
  • Ingen prime fermattal kan uttrykkast som differansen mellom to p-potensar, der p er eit ulike primtal.

[endre] Prim fermattal

Pierre de Fermat, som var den fyrste som studerte tal av forma F_{5} = 2^{2^n} + 1, la merke til at alle Fermattala til og med F4 var primtal. Ut frå denne observasjonen trekte han den forhasta konklusjonen at alle fermattala er primtal. Men i 1732 viste Leonhard Euler at

F_{5} = 2^{2^5} + 1 = 2^{32} + 1 = 4294967297 = 641 \cdot 6700417 \;

Euler hadde difor prova at alle faktorane til Fn må vera av forma k2n+1 + 1. For n = 5 fører dett til at dei einaste mulige faktorane er av forma 64k + 1. Etter dette tok det ikkje så lenge før Euler hadde funne factoren 641 = 10×64 + 1.

Det er ei vanleg oppfattning at Fermat viste om kva Euler hadde kome fram til, så det kan verka rart at han ikkje nytta seg av dette reultatet for å finna andre faktorar. Ein gunn kan vera at Fermat hadde gjordt ein reknefeil, men at han var så sikker på resultatet han hadde kome fram til at han ikkje kontrolerte det godt nok.

Ingnen andre prime fermattal av forma Fn, med n > 4, er kjente. Fyljande problem er framleis uløyste:

  • Er Fn faktoriserbar for alle n > 4?
  • Er det uendelig mange prime fermattal?
  • Er det uendelig mange faktoriserbare fermattal?

Det følgjande heuristiske argument tyder på at talet på prim fermattal er endeleg. I fylje primtalsteoremet er "sannsynligheita" for at eit tal n er eit primtal ikkje meir enn A/ln(n), der A er ein konstant. Forventningsverdien for at eit fermattal er eit primtal er difor ikkje høgare enn

A \sum_{n=0}^{\infty} \frac{1}{\ln F_{n}} = \frac{A}{\ln 2} \sum_{n=0}^{\infty} \frac{1}{\log_{2}(2^{2^{n}}+1)} < \frac{A}{\ln 2} \sum_{n=0}^{\infty} 2^{-n} = \frac{2A}{\ln 2}

Det er viktig å ha klårt for seg at det ikkje finst noko eigentleg prov på denne relasjonen. For det fyrste er det lagt til grunn at fermattala oppfører seg tilfeldig, sjølv om det er kjendt at faktorane til farmattala har noko spesielle eigenskapar. Sjølv om det er ei vanleg oppfattning at talet på prime fermattal er endeleg, finst det nokre spesialistar som ikkje er samde i dette [1]

Når dette vert skrive (2004) er det kjendt at Fn er faktoriserbare for 5 ≤ n ≤ 32, men fullstendige faktoriseringar av Fn er berre er kjendt for 0 ≤ n ≤ 11. Det største kjendte faktoriserbare fermattalet er F2478782 og primefaktoren 3×22478785 + 1 vart oppdaga av John Cosgrave og Proth-Gallot gruppa hans, den 10 oktober 2003. Ein enda meir hugkveikjande bruk av det hauristiske argumentet ovanfor, men med same atterhald, er at sannsynligheita for at det finst nye prim fermattal som er større enn F32 er i storleiksorden ein til ein milliard.

Det finst mange ekvivalente føresetnaden for at eit fermattal Fn skal vera prim:

  • Teoremet til Proth -- (1878) Lat N = k2m + 1, med k eit oddetal < 2m. Om det finst eit heiltal a slik at
a^{(N-1)/2} \equiv -1 \mod N
så er N eit primetal. Om det derimot ikkje finst ein slik kongruens, stemmer ikkje konjeksjonen over og om i tillegg
\left(\frac{a}{N}\right)=-1 (Sjå Jacobisymbol)
så er N faktoriserbar. Om N = Fn > 3, så er Jacobisymbolet over alltid lik −1 for a = 3, og da er denne spesielle forma av teoremet til Proth kjendt som testen til Pépin. Sjølv om Pépin sin test og Proth sitt theorem har vorte realiserte i mjukvare for å prova at mange fermattal er faktoriserbare, så har ingen av testane resultert i ein spesifikk ikkjetrivial faktor. I røynda er ingen spesielle primefaktorar kjente for n = 14, 20, 22, og 24.
  • Lat n ≥ 3 vera eit positivt ulike heiltal. Da er n eit prime fermattal om og berre om alle a er relativt prime med n, a er ei primitiv rot mod n om og berre om a er ei kvadratisk ikkjeresidu mod n.
  • Fermattalet Fn > 3 er prime om og berre om det kan skrivast eintydig som ein sum av to kvadrat som ikkje er null:
F_{n}=\left(2^{2^{n-1}}\right)^{2}+1^{2}
Når Fn = x2 + y2 ikkje er av forma vist over er
\gcd(x + 2^{2^{n-1}} y, F_{n})
ein ekte faktor.
Døme 1: F5 = 622642 + 204492, så
\gcd(62264\, +\, 2^{2^4}\, 20449,\, F_{5}) = 641,
er ein ekte faktor.
Døme 2: F6 = 40468032562 + 14387937592, så
\gcd(4046803256\, +\, 2^{2^5}\, 1438793759,\, F_{6}) = 274177
er ein ekte faktor.

[endre] Faktorisering av Fermattal

På grunn av at dei fermattala som enda ikkje er faktorisert er svært store er det vanskelege å faktorisera dei eller å prova at dei er primtal. Pépin sin test, som kan utførast ved hjelp av moderne datamaskiner, er naudsynt og tilstrekkeleg for å prova at et fermattal er prime. Den elliptiske kurvemetoden er ein snøgg metode for å finna små primdivisorar. I prosjektet GIMPS, til dømes, leitar ein etter primdivisorar til fermattal ved hjelp av den eliptiske kurvemetoden. Prosjektet FermatSearch, som nyttar distribuert arkitektur parallellprosessering, har òg lukkast med å finna nokre faktorar av fermattal. Yves Gallot har realisert ein test basert på Proth sitt teorem, i form av eit Windows-program; exe-fila (Proth.exe) kan lastast ned frå The Prime Pages. I 1878 prova Lucas at alle faktorane til eit farmattal Fn er av forma 2n + 2k + 1, der k er eit positivt heiltal.

[endre] Fermat sitt vesle theorem og pseudoprimtal

Fermat sitt vesle theorem nyttar fernattal for å generera uendeleg mange pseudoprimtal.

[endre] Andre teorem om prim fermattal

Om n er eit positivt heiltal, har vi at

a^n-b^n=(a-b)\sum_{k=0}^{n-1} a^kb^{n-1-k}.

Prov

(a-b)\sum_{k=0}^{n-1}a^kb^{n-1-k}
=\sum_{k=0}^{n-1}a^{k+1}b^{n-1-k}-\sum_{k=0}^{n-1}a^kb^{n-k}
=a^n+\sum_{k=1}^{n-1}a^kb^{n-k}-\sum_{k=1}^{n-1}a^kb^{n-k}-b^n
= anbn.

Om 2n + 1 er eit primtal, så er n ein 2'er-potens.

Prov:

Ut frå at

a^n-b^n=(a-b)\sum_{k=0}^{n-1} a^kb^{n-1-k}.

om n er ein 2'er-potens, eller n = ab, der 1 < a,b < n og b er eit oddetal, har vi at

2^{ab}+1=(2^a+1)\sum_{k=0}^{b-1} (2^a)^k(-1)^{b-1-k}.

Difor ville 2a + 1 dividera 2n + 1, eller så er ikkje 2n + 1 eit primtal.

[endre] Relasjonar til konstruktibele polygon

Eit n-sidig regulært polygon kan konstruerast med passar og linjeal om og berre om n er både ein 2'er-potens og eit produkt av ein 2'er-potens og distinkte prime fermattal. Med andre ord, berre om n er av forma n = 2kp1p2...ps, der k er eit ikkjenegativt heiltal og pi er distinkte prim fermattal. Sjå konstruerbare polygon.

Eit positivt heiltal n er av forma over om og berre om φ(n) er ein 2'er-potensis, der φ(n) er Euler sin totientfunktsjon.

[endre] Praktisk bruk av fermattal

  • Som modulus i talteoretiske transformer
  • I tilfelldig tal-genratorar
  • Innan kryptografi

[endre] Referanse

  • 17 Lectures on Fermat Numbers: From Number Theory to Geometry, Michal Křížek, Florian Luca, Lawrence Somer, Springer, CMS Books 9, ISBN 0-387-95332-9 (Denne boka har ei lang liste med referansar.)

[endre] Sjå òg

  • Mersennetal
  • Lucas sitt teorem
  • Proth sitt teorem
  • Pseudoprimtal
  • Primtest
  • Konstruerbare tal
  • Sierpinskital

[endre] Eksterne lenkjer

[endre] Kjelde

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com