Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) - Wikipedia

Det Liberale Folkepartiet (1972-1988)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjå òg Det Liberale Folkepartiet (1992-) og Liberale Folkeparti (1957)

Det Liberale Folkepartiet (DLF) var eit sosialliberalt politisk parti i Noreg mellom 1972 og 1988. Frå 1972 til 1980 var partinavnet Det Nye Folkepartiet. Partiet oppsto som fylgje av splittinga av Venstre i 1972. I 1988 vart partiet slått saman igjen med Venstre. Eit anna parti med same navnet vart starta opp i 1992 (sjå Det Liberale Folkepartiet (1992-)

Ungdomsorganisasjonen til Det liberale folkepartiet heitte Det Liberale Folkepartiets Ungdom (DLFU).


Innhaldsliste

[endre] Historie

Det Liberale Folkepartiet vart oppretta etter splittinga på Venstre sitt ekstraordinære landsmøte på Røros i 1972. Bakgrunnen for splittinga var ein langvarig konflikt mellom ulike fløyar i Venstre. Enkelte grupper i Venstre, mellom anna store delar av Unge Venstre, hadde vore misnøgde med at Venstre var med i den borgarlege koalisjonsregjeringa til Per Borten. Ein kan på denne tida snakka om ein venstre- og ein høgre-fløy i Venstre. Då EF-striden kom forsterka denne motsetningane, og Venstre vart delt om lag på midten i EF-spørsmålet. Etter EF-avstemninga i 1972 vart EF-motstandarane i Venstre, med Gunnar Garbo og Hallvard Eika i spissen, med i regjeringa Korvald, ei rein nei-regjering med Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Ja-fløyen, som òg kan kallast høgre-fløyen, i partiet reagerte sterkt på dette. Resultatet vart det ekstraordinære landsmøtet på Røros. Etter at det vart klart at dei var i mindretal i Venstre forlot ja-folka landsmøtesalen, den 11. november 1972.

Utbrytarane kalla seg i byrjinga Folkepartiet Nye Venstre, men måtte snart endre namn til Det Nye Folkepartiet (DNF) etterat regjeringa Korvald, ikkje ville godkjenna dette partinavnet. 9 av Venstre sine 13 stortingsrepresentantar vart med i Det Nye Folkepartiet, deriblant nestleiaren i Venstre Helge Seip og den tidlegare leiaren Bent Røiseland. Ved stortingsvalet 1973 fekk DNF valt inn ein representant, Ole Myrvoll frå Hordaland. I 1977 fall partiet ut av Stortinget og kom aldri inn att. I 1980 endra det navn til Det Liberale Folkepartiet.

Partiet hadde sterke likskapstrekk med Venstre, men var meir klart sosialliberalistisk og delte ikkje Venstre sin klare miljøprofil. Medan Venstre på 1970-talet prøvde å ta avstand frå den borgarlege sida og på 1980-talet søkte samarbeid med Arbeidarpartiet var DLF alltid eit klart borgarleg parti. Utover 1980-talet gjekk oppslutninga stadig nedover. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 1987 stilte Venstre og DLF felleslister i mange fylke og kommunar. På ein samlingskongress 4. - 5. juni 1988 vart partiet slått saman att med Venstre. Den siste DLF-leiaren, Marit Bjorvatn, vart nestleiar i Venstre og DLF-medlemer vart kvoterte inn i styre på alle plan i Venstre.

[endre] Tabellar

[endre] Partileiarar i DLF

  • 1972-73 Helge Seip
  • 1973-78 Magne Lerheim
  • 1978-80 Ingvar Hjelle
  • 1980-82 Gerd Søraa
  • 1982-86 Øyvind Bjorvatn
  • 1986-88 Alice Ruud
  • 1988 Marit Bjorvatn

[endre] Parlamentariske leiarar

[endre] Valresultat

Stortingval 1973-1985
Årstal Prosent av stemmene Stortingsrepresentantar
1973 3,4% 1
1977 1,4% ¹ 0
1981 0,5% 0
1985 0,5% 0


      Fylkestingval 1975-1987
Årstal Prosent av stemmene
1975 2,9%
1979 1,3%
1983 0,7%
1987 0,4%

¹ Partiet stilte felleslister med eit eller fleire av partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet eller Venstre i nokre fylke. Dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Anders Langes parti | Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Bondepartiet | Centrum | De Conservative Foreningers Centralstyre | Demokratiske Sosialistar | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Folkeparti | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg | Politiske rørsler i Noreg
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com