Elektronegativitet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elektronegativitet er evna eit atom har til å tiltrekka seg elektron i eit kjemisk band. Dersom to grunnstoff i ei kjemisk sambinding har nesten lik elektronegativitet vil dei danna kovalent binding eller metallbinding. Dersom forskjellen i elektronegativitet er stor vil grunnstoffa danna ionebinding.
Elektronegativiteten til grunnstoff vert ofte oppgitt etter paulings skala.
[endre] Variasjon i elektronegativitet
Dei mest elektronegative grunnstoffa er plassert langt oppe og langt til høgre i periodesystemet. Det er ein tendens til at elektronegativiteten aukar om ein bevegar seg oppover i ei gruppe og mot høgre i ein periode.
Ikkje-metall er som regel meir elektronegative enn metall.
Grunnstoff som er lite elektronegative vert av og til kalla elektropositive.