Dugnad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein dugnad er arbeid utført i fellesskap der dei som medverkar ikkje vert betalte. Arbeidet utførast for fellesskapet eller for ein enkeltperson. Dugnadar utførast vanlegvis i eit lokalsamfunn, (til dømes oppføring av ein låve, ei båtstø, ei kai eller ein leikeplass), som nabohjelp i forskjellige situasjonar, eller au på regionalt eller nasjonalt plan. Eit godt eksempel på ein dugnad er Wikipedia.
Dugnadsomgrepet er rekna som utprega norsk. Våren 2004 vart ordet dugnad kåra til Noregs nasjonalord på NRK-programmet Typisk norsk. Men det er kanskje ein myte at dugnad er berre typisk norsk. I finsk språk nyttar ein ordet «talkoot» på nokonlunde same viset som vi nyttar det norske ordet dugnad. Ordet er også lånt inn i finlandssvensk, «talko», men er ukjend i standard svensk. Tilsvarande omgrep finst òg på engelsk «barn raising», på tyrkisk «imece» og på indonesisk «gotong-royong».
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Litteratur
- Kristian Østberg: Norsk bonderet. 1. utg. Oslo (Grøndahl; Cappelen), 1914–1939 12 b. [1]
- 2. utg. Oslo (Cappelen), 1927–? 11 b. [2]
[endre] Sjå au
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |