Den Kongelege Norske St. Olavs Orden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den Kongelege Norske Sankt Olavs Orden vart stifta av kong Oscar I i 1847. Den vert tildet som «belønning for utmerkede fortjenster av fedrelandet og menneskeheten». Ordenen er kalla opp etter helgenkongen Olav den Heilage. Den er delt inn i fem gradar: Storkors, Kommandør med Stjerne, Kommandør, Ridder av 1. klasse og Ridder av 2. klasse. Til ordenen høyrer det óg eit kjede som H.M. Kongen kan tildele innehavarar av Storkorset. Dekorasjonane som høyrer til ordenen er Kongen sin eigedom, og må leverast tilbake til han når mottakaren døyr.