Deduksjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deduksjon (frå latin deducere, å utleida) er ein metode for å draga logiske slutningar om einskildting ut frå ålmenne observasjonar, og er det motsette av induksjon. I vitskaplege granskingsopplegg er deduksjon å utleida problemstellingar frå ein teori som skal testast - ein prøver generelle teoriar oppmot empiriske tilfelle.
Eit døme på deduksjon kan vera den ålmenne observasjonen om at «når det regner er gata våt». Frå denne observasjonen skal ein kunna slutta/dedusera at i eit tilfelle der det regner, so er ogso gata våt.