Dampbåt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein dampbåt er ein båt som vert driven av ein dampmotor. Dampbåtar får nemninga D/S framføre skipsnamnet.
[endre] Historie
Dampbåt var opphavleg ei nemning på skip med kolfyrt dampmaskin som gradvis overtok etter seglskipa. Verdas første dampskip, North River Steamboat laga av amerikanaren Robert Fulton, blei sett i drift i 1807. I 1818 var DS «Savannah» det første dampskipet som kryssa Atlanterhavet frå USA til Europa — det vitja Arendal som siste europeiske hamn på heimreisa etter å ha vore i Stockholm og St. Petersburg. Dette var første gong nokon såg ein dampbåt i Noreg. Dei to første dampbåtane som blei tekne i bruk her i landet var DS «Constitutionen» og DS «Prinds Carl», hjuldamparar som blei satt i trafikk i 1826.
Frp 1860 blei dampbåtane bygd i jern. Utviklinga gjekk mot stadig større skip, og DS «Mauretania» som blei sjøsett i 1907 var på 45 000 tonn. I 1911 kom så DS «Olympic» og DS «Titanic» på 60 000 tonn.
Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over transportspirer. |