Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Buddy Bolden - Wikipedia

Buddy Bolden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Buddy Boldens band (1905) frå New Orleans.
Forstørr
Buddy Boldens band (1905) frå New Orleans.

Charles «Buddy» Bolden (6. september 18774. november 1931) var ein kornettist og den første berømte jazzmusikaren frå New Orleans.

Innhaldsliste

[endre] Liv

Han var kjent som King Bolden (sjå jazzmusikarar med kongelege tilnamn) og han leia eit av dei beste banda i New Orleans frå omlag 1895 til 1907, då han fekk schizofreni og vart innlagt. Han kom seg aldri frå sjukdommen, men for ettertida vart han kjent for ein open og kraftig tone. Joe «King» Oliver og Louis Armstrong var direkte påverka av spelinga til Bolden.

Sjølv om det er mange førstehandshistorier om Buddy Bolden, er det mange mytar kring livet hans. Historier om at han var frisør av yrke, eller at han hadde publisert eit blad kalla «Cricket» har vorte tekne opp att fleire gonger, trass i at dei har vorte tilbakevist fleire tiår tidlegare.

På grunn av alkoholmisbruk gjekk Bolden gjennom ein akutt psykose i 1907. Han vart diagnostisert schizofren og vart lagt inn på ein psykiatrisk institusjon, der han blei verande til han døydde. Han vart gravlagt i ei umerka grav på Holt Cemetary, ein gravplass for fattige i New Orleans. I 1998 vart det reist eit monument for han her.

[endre] Musikk

Sjølv om uttrykket «jazz» ikkje var i bruk medan Bolden spelte, er det mange tidlege jazzmusikarar som meinte Bolden og bandmedlemmane i hans band var dei som fann opp stilen. Minst ein forfattar har kalla han «jazzens far».[1] Han laga ein ledigare, meir improvisert versjon av ragtime. I tillegg kom element frå bluesen; Bolden sitt band kan vere det første bandet der messinginstrument spelte blues. Det vert også sagt at han tok idear frå gospelmusikk, som han hadde høyrt i afroamerikanske baptistkyrkjer.

Sjølv om ein meiner Bolden hadde laga minst ein fonografsylinder, har ingen opptak overlevd.

Nokre av songane som først vart assosierte med bandet hans, som «Careless Love» og «My Bucket's Got a Hole in It» er framleis standardlåtar. Ein av Bolden sine temalåtar, då kjent som «Funky Butt» (ei omskriving av flatulens) og seinare som «Buddy Bolden’s Blues», varsla seinare stilartar som funk og rap:

I thought I heard Buddy Bolden say,
Funky-butt, funky-butt, take it away.

[endre] Kulturelle referansar til Bolden

Bolden har gjeve inspirasjon til fleire litterære figurar med same namn. Mest berømt er den kanadiske forfattaren Michael Ondaatje sin roman Coming Through Slaughter, der figuren Buddy Bolden liknar den ekte Bolden på somme vis, men på andre vis medvite er gjort veldig ulik det ein veit om den originale Bolden.

Bolden vert også nemnt i August Wilson sitt stykke Seven Guitars. Faren til ein av figurane (King Hedley) har vorte oppkalla etter King Buddy Bolden. King Hedly syng støtt «I thought I heard Buddy Bolden say…» og han trur at Bolden vil komme ned frå himmelen og gi han pengar til å kjøpe ein plantasje. Bolden-tematikken vert ført vidare i oppfølgjarstykket King Hedley II.

Bolden er også ein prominent figur i David Fulmer sitt mordmysterium med tittelen Chasing the Devil’s Tail. Her er han både bandleiar og mistenkt for mord.

Bolden er også opphavet til Norsk jazzforum sin heiderspris Buddyprisen. Som ein del av prisen vert ein statue av kornettisten utdelt til vinnaren.

[endre] Referansar

  1. Ted Gioia, The History of Jazz, Oxford/New York 1997, s. 34

[endre] Bakgrunnsstoff

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com