Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Bestemtheit - Wikipedia

Bestemtheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bestemtheit eller bundenheit er ein grammatisk kategori som fortel kva status referenten til eit ord får når det blir brukt i ei setning. Kategorien har to alternativ, bestemt og ubestemt. I norsk er bestemt form uttrykt med eit suffiks, mens ubestemt er uttrykt ved at dette suffikset manglar (jf. skilnader som båt ~ båten, båtar ~ båtane, der den første forma i kvart par uttrykkjer ubestemt, og den andre uttrykkjer bestemt).

Viss nokon seier eg tenkjer på ei bestemt jente, har substantivet jente ubestemt form, kor bestemte tankar han eller ho enn har om denne jenta. Tilsvarande kan vi seie Myggen bit skikkeleg i år utan at det er ein bestemt mygg vi tenkjer på. Vi får ei betre forståing av bestemtheitskategorien dersom vi tek utgangspunkt i talesituasjonen ordet blir brukt i. Vi bruker bestemt form når referenten til ordet allereie er ein del av talesituasjonen, men ubestemt når referenten ikkje er det. Eit eventyr kan til dømes starte slik: Det var ein gong ein mann og ei kone. Mannen sat heime og … . Første setning introduserer to referentar, og vi bruker ubestemt form. Når vi kjem til den andre setninga, er referenten allereie introdusert, så her må vi bruke bestemt form for å vise at det er den same mannen vi snakkar om. Bruker vi ubestemt, er det rett og slett ikkje same mann: Det var ein gong ein mann og ei kone. ?Ein mann sat heime og ... . Ofte står eit substantiv i bestemt form når det viser tilbake til ein del av ein annan referent (jf. Det var ein fin bil. Særleg dashbordet / *eit dashbord var stilig).

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com