Apache
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
-
- Sjå òg indianarstamma apasjar
Apache httpd er ein open kjeldekode vevtenar for operativsystem av typen Unix (Linux, OpenBSD, ...), Microsoft Windows, Novell NetWare og andre. Apache spela ein viktig rolle for framveksten av verdsveven og er framleis den mest populære vevtenaren [1]. Apache tener som ein standard referanse, som andre vevtenarar vert samanligna med.
Apache har konfigurerbar feilmellings-loggar. DBMS-basert autoriseringsdatabaser og innhaldsforhandlingsfunksjonalitet. Det finst òg fleire grafiske brukargrensesnitt, som gjer konfigurasjonen enklare.
Apache vert utvikla og vedlikehalden av åpen kjeldekode.utviklarar, under leiing av The Apache Software Foundation.
Innhaldsliste |
[endre] Histori
Den fyrste versjonen av Apache vart laga av Rob McCool, som var med på å utvikla vevtenaren «NCSA HTTPd» for «The National Center for Supercomputing Applications» (NCSA), i dei Amerikanske Sambandsstatane. Då han forlet NCSA, i midten av 1994, starta han utviklinga av Apache httpd. Han laga òg mange bøter (patches), som han sirkulerte via e-brev.
Rob McCool arbeide ikkje åleine, mange andre utviklarar var med i den opphaveleg «Apache Group»: Brian Behlendorf, Roy T. Fielding, Rob Hartill, David Robinson, Cliff Skolnick, Randy Terbush, Robert S. Thau, Andrew Wilson, Eric Hagberg, Frank Peters og Nicolas Pioch.
I OSS på nettstaden til prosjektet står det at namnet «Apache» vart veld for å heidra ei av dei opphavelege folkegruppene i appacheane i Amerika, som var kjente for deira overlegne krigsstrategi og utrøyttelege uthandenheit. Andre meiner at namnet vart til på grunn av at då Apache httpd var under utvikling tidleg i 1995 var den meir ei samling av bøter for kjeldekoden til NCSA HTTPd 1.3 og difor ein «patchy» vevtenar. Dette var òg den opphavelege forklåringa på nettstaden til prosjektet [2]
Då Apache vart introdusert var det den einaste opne kjeldekode-alternativet til Netscape sin vevtenar. Apache har utvikla seg til å overgå andre vevtenarar, både i funksjonalitet, yteevne og stabilitet og har sidan april 1996 vore den mest nytta vevtenaren. I mai 1999 låg 57 % av alle nettstader på Apache. Populariteten har sidan auka jamt og trutt og i februar 2006 nytta 68 % av alle nettstadar Apache [3]. Hovudkonkurenrane til Apache er Microsoft Internet Information Services (IIS), fylgd av Sun Microsystems sin Sun Java System Web Server, men det finstòg ei mengd andre vevtenarar.
[endre] Lisens
Apache httpd vert distribuert både som open og lukka kjeldekode. The Free Software Foundation (FSF) aksepterer ikkje Apache sin lisens som kompatibel med versjon 2.0 av GNU General Public License (GPL),så Apache kan ikkje integrerast med mjukvare som vert distribuert under GPL. FSF har fyljande å seia om lisensen til Apache:
- Dette er ein gratis mjukvare-lisens, men lisensen er samsvarar ikkje med GPL. Apache sin lisens samsvarar ikkje med GLP av di den har ein spesiell hjemmel som ikke er med i GPL: den har nokre krav om patent terminering som GPL ikkje krev (Vi meiner ikkje at desse krava er urimelege i seg sjølve, men dei fører likevel til at lisensen ikkje samsvarar med GNU GPL.)
Den noverande førebels versjon 3 av GLP har ein klauseul (seksjon 7e) som tillet at den samsvarar med lisensar som har paten termineringsklausular, som den i Apache sin lisens.
[endre] Bruk
Apache vert fyrst og fremst nytta for å handsama statiske og dynamiske nettsider, men det finst òg mange tilleggsmodular for spesialisrte tenester.
Apache vert ofte nytta saman med operativsystemet Linux, databasen MySQL og skriptspråka PHP, Perl, Python, i ein såkalla LAMP-lonfigurasjon.
Apache vert òg redistribuert saman med komersiell mjukvare, som til dømes databasen Oracle og IBM WebSphere application server. Mac OS X kjem med Apache, som tener som støtte for WebObjects application server. Borland nyttar Apache i programmeringsverktøya Kylix og Delphi. Apache er òg innstallert saman med Novell NetWare 6.5, som standard vevtenar.
Apache vert nytta for mange oppgåver der ein har bruk for å handsama innhald på ein sikker of effektiv måte. Om ein til dømes ynskjer å dela filer med andre over internett kan ein nytta Appache til dette.
Programmerarar som utviklar mjukvare for verdensveven installerer ofte Apache på maskina si, slik at dei kan kontrollera innhaldet før det vert publisert på ein vevtenar kobla til internett.
[endre] Tilleggsmodular
Det finst mange tilleggsmodular for Apache. Nokre av desse er kompilerte inn i Apache-kjerna, medan andre (dynamiske modular) kan lastast etter kompilering når ein treng dei. Som døme på slike modular kan ein nemna autoriseringsmodular som mod_access, mod_auth. Andre modular støttar SSL og TLS (mod_ssl). Apache har òg omfattande støtte for ymse skriptspråk, som Perl, Python, Tcl og PHP.
Ein anna module er proksytenar-modulen proxy. Modulen rewrite engine er ein populær modul. Det finst òg modular som genererer komfigurerbare logfiler (mod_log_config) og modular som utfører ymse typar filtrering (mod_include og mod_ext_filter). For å analysera og syna logfiler i ein nettlesar finst det gratis skript, som til dømes AWStats og Visitors.
[endre] Apache 2
I Apache versjon 2 er mykje av koden omskriven. Det er lagt vekt på modularisering og det er innført eit mjukvarelag (APR) som skal gjera det lettare å flytta koden til andre maskiner. Kjerna i Apache 2.x har mange forbetringar i høve til Apache 1.x. Det er til dømes innført trådhandsamimg, betre støtte for andre operativsystem enn Unix (som til dømes Windows). eit nytt API og støtte for IPv6. I mars 2000 vart den fyrste utgåva av Apache for Alpha-prosessoren lansert. Versjon 2.2 innførte òg eit nytt, meir fleksibelt, aouth API. Det vart òg innført betre Snøggbuffer- og proksy-modular [http://httpd.apache.org/docs/2.2/new_features_2_2.html.
[endre] Referansar
- ↑ December 2006 Web Server Survey, Netcraft, Desember 2006.
- ↑ Wayback Machine link to the Apache website, 1997
- ↑ February 2006 Web Server Survey, Netcraft, February 2006.
Mal:FOLDOC
[endre] Sjå òg
- .htaccess
- ApacheBench